Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Skoddebad

Lørdagsbad Posted on Sun, March 25, 2012 20:45

Hei godtfolk!

Ein fin helg er forbi og me kan sjå tilbake på fine opplevingar ved fjord og hei.

For vår del vart det Jelsatur, med flotte solnedgang og ein fantastisk stjernehimmel på fredag, og ein påfølgande solrik dag i går.

Utsikten frå Motbakken i ulike lyssettingar. Augene kan kvile.

Lørdagen starta med ein kaffikopp på terassen og radioen på.

Så tikka det inn frå Torhild:

” 17 badere, 1 badevakt og nå frokost i nydelig vær. 5,6 grader i sjøen.
Ha en fin Jelsahelg! “

og bilde..
Ka hadde ein ikkje gitt for eit bad med denne gjengen?

Skodda ligg som eit slør, men må snart vike for sol og vårstemning.

Ole sender ei helsing like etter:

” Endå eit bilde som viser gleda ved bading i Godalen 🙂 “

og her er stemninga på topp!

For ein flott gjeng å samla rundt eit bord etter bad!

Vårstemning i Godalen!

Fina helgå!

🙂 Svein Egil



Fastebad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 21, 2012 15:56

Ja, overskrifta relaterer til den perioden me er inne i, men

me må vel med handa på hjarta sei at fasten er meir eit begrep enn

noko som er nærmare enn det!

Idag tidleg svinsa gjengen nerøve te Godalen, der Sten stod klar (som vanleg).

Lett overskya og ein stille sjø.

Døra vart åpna og eit raskt klesbytte med påfølgande bad gav oss ei klar oppleving av at sjøen held seg lite endra. 5,3 grader i dag, og målinga vart kontrollert av ein ivrig boxer i fri dressur. (Kva er båndtvang?)

Samling rundt bordet og..

drøset i gong. Alle hadde sett innslaget i gårsdagens Dagsrevy om den vellukka forskninga ved Psykiatrisk og dei gode resultata dei hadde oppnådd.

Så over til manetfobi og alternative løysningar på korleis bli kvitt problemet som me veit kjem..

Sten og Else gjer seg klar til langreis og me vil legga inn bloggadressa for turen på sida.

Flott værmelding til helga, så dette blir bra.

Helga som var viste Gullingen seg frå beste side..

Påskestemning og rimelig greitt føre, men held snøen til påske??

Ha ein fin dag!

smileySvein Egil



Stillebad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 14, 2012 15:31

Goddagen!

I dag kunne me melda til lokalen at sjøbadarane i Godalen var 0,1 meter under havet!

På ein morgon der sjøen låg blikkstille og takå/skydekket var heller lågt.

Lite vatn i sjøen var det også, med sjelden stor fjære.

Dagen nykommar var Mike frå Danmark. Han bur i Rosenli og me håper at han fann badeturen så bra at den kjem fast på kalenderen.

Ellers var Susanne på plass frå Danmark. Ho måtte opp og sjekka badetemperaturen og korleis det stod til med oss….

10 badarar var uti denne morgonen, i 5,3 grader forfriskande sjø.

Vatnet verka kjøligare, då det var fin temperatur på land.

No er det berre ei veke omtrent til me skal snu klokka mot sommar og det igjen blir litt mørkare om morgonen.

Det betyr nye sjansar til eit morgonbad i soloppgang.

Hadde det vore klar himmel i dag ville sola gitt oss varme i badet, men denne gong ei..

Ha ein forrektige god dag og…

me badast!

smileySvein Egil



Kommentarer

Heilårsbad Posted on Wed, March 14, 2012 13:47

Spørsmål om korleis ein legg inn kommentarar!

Då må du logga deg inn fysst!

Øverst skriv du inn mailadressa di og det passordet som du har fått av meg, då kan du skriva inn kommentarar til det som vert skrive i bloggen!

Berre prøv!

Hugsar du ikkje passordet kan du senda meg ein mail, så ordnar eg det!

smileySvein Egil



Badehelgbad

Lørdagsbad Posted on Sun, March 11, 2012 18:48

Hallaisen godtfolk!

Så har det vore helg igjen ( ka e’ alternativet??) og med kan roa oss ner søndagskvelden for
å sjå veka i møte med fritt sinn.

Travel korpshelg for vår del.

Siste runde i familien med korpskonkurranse.

Det gjekk strålande. Alle godt fornøyde med 3.plass i 2.divisjon janitsjar for Nylund skolekorps, med 92 poeng. Då kan me smile og vera godt nøgde.. Neste gong…

Klarinettensemblet gjorde det også bra, i hard konkurranse med 16 ensembler kom dei på delt 8 plass. Gode dommarkommentarer som er fine å bygga vidare på.

Dette gjorde at Gry og eg tjuvstarta litt på badet denne laurdagen.
Me ville jo sjølvsagt ha oss eit bad i Godalen før me drog på konkurranse i Bjergsted.

Då me heiv oss i sjøen var det rett før resten av gjengen runda hjørna med Strømvik bad.

Temperaturen i sjøen var 4,6 grader og fine folrhold, sjølv om ruskeveret hadde henta fram ein god del tang og tare og slengt det på land.

Hilde venta på ei venninne, som kom slentrande etter at me var i tørkemodus.
Kristin frå Vaulenbadarane hadde tatt turen, og viste seg å vera kjent med “folk flest”.

13 badarar i sjøen og ein del badevakter til å styra på land.

Som vanleg god stemning rundt frukostbordet då Gry og eg drog avgarde for å
fylgja korpset til scenen.

Ei flott helg!

smiley Svein Egil



Fullmånekvinnebad

Festligheter Posted on Fri, March 09, 2012 15:26

Ja, ka skal ein kalla dette?

Mange gode ting på ein gong.. og i alle fall, gratla med vel overstått til alle kvinner!

Dagen i går vart ein fin dag, med forventningar om ein Grande Finale..

Samling ved Varden, og eg ned til naustet for å fyra opp eit bål!

Stod på pynten og fekk med meg at 8.mars(j) toget kom farande ned turstien.

Ein god gjeng som runda hjørna i flott stil. Med plakat, veivisarar og faklar.

8 badarar i sjøen og ein heil gjeng med badevakter. 5 grader i sjøen denne kvelden og eit lett drag i lufta. Litt overskya, men som ein ser så kom månen fram etter kvart!

Bildene av badarane vart uklåre, men allligavel..:

I godt driv..

Varme klede og fyr på bålet. Langbord utafor naustet med god stemning og fullmånedans.

Treng ikkje meir!

Batteria er fullada!

Ha ein god dag, så badast me på laurdag!

smileySvein Egil



Blæstbad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 07, 2012 15:35

Goddagen!

God trekk i lufta då me gjekk ned mot stranda i Godalen.

Sten og eg vandra nedover og ser Kristin i ly av naustet.

Bodil kjem halsande etter!!

Idag tok me ingen sjansar og legg nøkkelen på utsida om døra skulle slå igjen.

Mattene kom på golvet og me bytta kler i ein fei og tok te byljene!

Idag kunne me ha surfa inn!

5,4 grader i sjøen og iskalde vind rundt 3 grader.

Bildene i dag er tatt med mobil i blåsten, så eg har valgt å vera litt kjiip med fargane..

men dei syner stemninga under dagens bad!

Lunt rundt hjørna og kaffien varma godt!

He ein god dag vidare!

Då er det avtalt fullmånebad og 8.marsbad i morgen kl. 2100.

Direkte, eller oppmøte ved miljøstasjonen kl. 20.30.

smileySvein Egil



Marsbadet

Lørdagsbad Posted on Sun, March 04, 2012 19:19

Hei igjen kjære sjøbadar!

Igjen ein dag ved sjøen.

Eg på Eide innpå Sand, der eg var på kurs i

driving av båtdekk. Ein flotte dag i lag med kjekke, lærevillige karar..

Så ein mail frå Sten:

Hei

Her har du noen badebilder. Pick as you wish.

Badegjengen møtte som vanlig ved miljøstasjonen, med plastposer og badetøy.

Igjen var gutane i klart
flertall ved oppmøte. Men ikkje før var me komt til Godalen, så var
fordelinga gjenoppretta i jentenes favør.

På vegen fekk me og smaka på dei første ramsløkane, sterke og gode.

Me bada både ved trappa og ved stranda. Friskt og godt ver! Vinden var bitande kald, men sola vara da litt.

Me fekk avtalt fullmåne bad på torsdag. Nærmare melding kommer frå erkeengelen.

Etter kaffepreiken to me beina fatt og rusla heimover.

Tror me var 17 baderar i dag – men er litt usikker på det.

Sten

Takk for bilder og melding Sten!

Gry melder om 4,6 grader i sjøen!

Då kan eg berre gleda med te onsdagsbadet og eit kommande fullmånebad!

smileySvein Egil



Skotårsbad

Onsdagsbad Posted on Fri, March 02, 2012 08:10

Hallaisen!

Litt forsinka badehilsen, men..

Frå Wikipedia:

Et skuddår er et år som har en dag mer enn et normalt år.

Jorden bruker ca. 365,2422 dager på en runde rundt solen. For at dette skal passe inn med vår kalender, har vi satt inn skuddår. Et normalt år har 365 dager, med 28 dager i februar. I et skuddår har februar en ekstra dag, altså 29 dager, og samlet 366 dager for hele året.

Grunnen til at den ekstra dagen ble lagt til februar, og grunnen til at februar er så mye kortere enn de andre månedene, er at i den eldre romerske kalenderen var mars den første måneden i året og februar den siste.

En kuriositet er at den «nye» dagen ikke ble lagt sist i måneden, men etter den 24. februar. Den 24. februar ble av romerne kalt dag 6 før Kalendaee i mars. Skuddagen var da kalt den andre dag 6 før Kalendaee i mars. Kalendaee er romernes navn på den første dagen i måneden, og de regnet seg bakover til Kalendaee, der dag 1 før Kalendaee var Kalendaee selv.

Med andre ord, den eine ekstradagen dette året starta med eit bad i Godalen..

Og som dokker ser, blikkstille sjø, 5,4 grader og godalenstemning rundt bordet!

Idag kom dagslyset fort på!

Det er ei flott oppleving å sitja ved stranda og merka at dagen gryr!

Ha ei flott helg!

smileySvein Egil

PS. Fekk dette flotte kortet frå Ellen i Peru, til alle sjøbadarane i Godalen:

No får ho snart besøk av foreldra og gler seg nok svært til det, men eit bad i Godalen kjem nok også høgt på lista!

DS.



Godbad i dalen

Lørdagsbad Posted on Sat, February 25, 2012 11:53

God morgen!

Jelsatur på Jorunn og meg denne helga. Sit med utsikten mot Foldøy, der ferja til Judaberg tøffar avgarde i retning Nedstrand.

Stille på sjøen i dag, der det i går var god aktivitet frå nord-vest.

Frokosten på bordet, så tikkar det inn: frå Torhild:

“12 badere i Godal i dag, og en dag uten regnsmiley.

Fantastisk. 5 grader i lufta og litt varmere i sjøen – 5,6 grader.

Fortsatt god helg fra Torhild og resten av gjengen i Godalen.”

..og bilde fulgte med:
Tydeleg god stemning i badegjengen etter eit endorfindrivande morgenbad.

Kjenner at eg gleder meg allerede til onsdagsbadet.

Tar meg ein dråpe kaffi før eg rundar av dagens tekst!

Fiiina veret….

smileySvein Egil

Så kom det mail frå Sten:
“Hei
Tok noen bilder på laurdag. Nydelig vårdag.
Legg merke til hvor avslappa stemning det var da gjengen var samla utenfor bua – og før me tok oss tid til å hoppe i sjøen.

Det var litt lagdeling på lørdag. Jentene bada på stranda – mens gutta gjekk til stupebrettet.
Ellers å oppsto den litt merkelige situasjonen, at ved oppmøte på miljøstasjonen var det flere gutter enn jenter!!!
Men da me var vel framme i Godalen, var balansen gjenopprettet og jentene var i flertall.

Etter badinga var det trimdans slik at kroppen ble god og varm før kaffekosen.
La også med et bilde med litt morgenstemning før badet!!”

Ja, så greitt er det!

Send bilder om du har du også..

🙂 Svein Egil

..som gleder seg til onsdag!



« PreviousNext »