Gog morgen sjøbadar!

Nok ein gong helg og sjøbad.

Samling som vanleg rundt miljøstasjonen for rundtur om Hillevågsvatnet og Strømvik bad.

Etter kvart som me fekk samla oss kunne me telja 14 badarar i sjøen.
Nytt ansikt idag var kollega av Susanne – Hallgeir.

i dag kunne me konstatera 6 grader i sjøen, vind frå aust, og 2 grader i lufta.
Det vart som vanleg svært god stemning rundt bordet.

Bodil las alle versa frå sitt dikt om sjøbadartilværet i Godalen, og eg skal prøva å leggja ein filmsnutt ut på sida vår.

Astrid viste til Fugelli sitt brev og sitatet: “Vinum et balearum neccesare est” ( Astrid du må retta meg..) Vin og (sjø)bad er naudsynt (for eit godt liv).

No kan me nyta helga og sjå fram mot februarbad på onsdag!

smiley Svein Egil