Hei igjen!

Ogna er for lengst eit gildt minne bak i hjernebarken og mange fine bad er unnagjort.

Dei fleste er festa til Facebooksidene, der alle kan bidra med sitt.

Men nå er tida inne for ei kort oppsummering og vårstemningsrapport:

Lørdag førstkommande er det vår tur i Godalen sjøbaderforening å ta eit tak
i stranda i forbindelse med aksjonen ” Hold Storhaug reint”.

Me har det som trengs av hanskar, svarte sekker, ein del river, kostar..

Dugnadsdelen vert før badet, så blir det ei fin anledning til å få vaska seg ittepå.

Eit felles Ittepåbad er nok ikkje å forakta.

Med ein påfølgande røslig frukost med noko attåt.

Sol er tinga smiley

Vel møtt!!

Me badast!

smileySvein Egil