God dagen folkens!

Gårsdagen var våt så det holdt, men ka gjørr vel det?!!
Ut på tur, aldri…

Jojomen!

Godt humør i denne gjengen som møtte ved Varden miljøstasjon denne lørdagen.

.. også!

Litt forsinka avmarsj frå Varden, men så var me på vei til Anette og Jens på Hundvåg.
Ein flott fottur over Bybruå og tvers over Hundvåg.

Etter å ha kryssa spora med Carolyn, Helge Dagfinn og Niels, strauk me avgarde.

Ein kort stopp ved Hundvågsenteret og så vidare.

Anette meinte hu traff “tre trette typer” på vegen då ho kom oss i møte.
Men her var det spenst i kvart steg.
Det går fort når ein slepp laus praten.

Så var det rett ned til stranda og klesbytte i naustet.

Svært greit å bytta klede under tak, då det regna godt under badet.
Langgrunt så det holdt, men flott sandgrunn å gå i, så det gjekk lett.

17 badarar la på svøm, med nokre badevakter som tok bilder og moralsk støtte.

Her har Anette og Jens ei flott strand rett utanfor stovedøra, rett i sjøen.

Her er det lagt til rette for eit godt sjøbadeliv, og med eit nytt friområde på gang vert dette heilt fantastisk.

Idag var det rundt 5 graderi sjøen, men Niels hadde ei kontrollmåling i eit høare sjølag og kom fram til 6,5. Dette vil eg tru var ein underlivsstraum som tok tak ( dei er farlege) men eg har ingen bevis.

Så bar det innomhus, etter ei lita synfaring av den meteorologiske stasjonen til Anette.
Eit prakeksemplar. Me ventar nå faste rappportar og gode prognosar for kommande bad..

Over 20 kvinner og menn tok huset i hende og var fort plassert på kjøkkenet, der Olle var chef-of -the-day.

Deilige kyllingsuppe med godt brød.. treng eg seia meir.
Akkurat det som skal til for å få fart i nedkjølte lemmar og indre organer.

Drøset gjekk så høgt at det var vanskeleg å komma til orde med ein tale, men Olle og Jorunn slapp litt til.

Olle talte varmt for eit sjøbadartokt til Danmark i løpet av året, og Jorunn takka vertskapet på vegne av gjengen for invitasjon og hjerterom, med suppe og fastalavnboller i dansk klesdrakt.
Du men det var dejilgt…

Alt tar jo slutt og etter kvart måtte me sei farvel til vertskapet og dra oss attende frå denne øya i nordveg.

Takk for ei god oppleving Anette, Jens og Olle.

Så var det tilbake til kvardagslaurdagen, med handlerunde og..

Ha ei fin helg!

smileySvein Egil

Bildene.. takk til Astrid som fotograferte flittig..