Ja, overskrifta relaterer til den perioden me er inne i, men

me må vel med handa på hjarta sei at fasten er meir eit begrep enn

noko som er nærmare enn det!

Idag tidleg svinsa gjengen nerøve te Godalen, der Sten stod klar (som vanleg).

Lett overskya og ein stille sjø.

Døra vart åpna og eit raskt klesbytte med påfølgande bad gav oss ei klar oppleving av at sjøen held seg lite endra. 5,3 grader i dag, og målinga vart kontrollert av ein ivrig boxer i fri dressur. (Kva er båndtvang?)

Samling rundt bordet og..

drøset i gong. Alle hadde sett innslaget i gårsdagens Dagsrevy om den vellukka forskninga ved Psykiatrisk og dei gode resultata dei hadde oppnådd.

Så over til manetfobi og alternative løysningar på korleis bli kvitt problemet som me veit kjem..

Sten og Else gjer seg klar til langreis og me vil legga inn bloggadressa for turen på sida.

Flott værmelding til helga, så dette blir bra.

Helga som var viste Gullingen seg frå beste side..

Påskestemning og rimelig greitt føre, men held snøen til påske??

Ha ein fin dag!

smileySvein Egil