Godagen!
Så vart det mildver, regn og glatt!
Fordelen er at med litt yr og mildt forsvinn snø og is fort!
Synd at me ikkje kan få nyta snøen, men slik er det!
Greit å sleppa snømåking og heller oppsøka snø etter behov.
Idag var fleire på tur rundt omkring, men som alltid er det badarar i sjøen i Godalen.
Broddar på beina var nok det retta i dag, men me kom fram til stranda i godt lag.
3 grader pluss er som mildver å rekna etter dagar med minusgrader i lufta.
Det var berre å få opp døra til naustet, skifta og komma seg uti.
Litt fordeling på strand og trapp, men med 4 grader i sjøen var det greit å finna fram handkle for frottering.
Gry spanderte på seg eit ekstra bad for å få kvitta seg med nokre plussgrader.
Godt med badeburka slik at ein kan få av seg våte kler fort.
Her nokre bilder frå dagens økt..
Som de ser så var det omvendt røykelov. Men dei smatt fort ut!!
Stemninga var som vanlig høg, sjølv utan ski på beina.
Neste helg er det tur til Hundvåg, med avgang frå Varden miljøstasjon kl. 10.00
Heng med.
Men fyrst – onsdagsbad!
Ha ei fin helg!
Svein Egil