Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Seinsommarbad..

Heilårsbad Posted on Fri, August 02, 2013 10:09

God morgen!

Sit og høyrer på reiseradioen, nymalt kaffi og har henta inn litt rips.
Snart på tide med frukost!

Sol og skyer omanidom, men godt og varmt, både til lands og til vanns.

Dette er siste helga før vår sommarferie sluttar av for dette året.

Framleis over 20 grader i sjøen.

Her nokre stemningsrapportar som eg har motteke:

Torhild melder frå onsdag 24.juli:

Niels, Hanne og Torhild hilser fra Godalen..


Sydenstemning fra Godalenstranda.

Denne veka var det Gladmatfestival og eg tok turen til Stavanger fredag for å få med
stemninga i byn. Masse folk og møje god mat. Endte opp i Lervigsparken utafor Ostehuset
på Storhaug. Idsen serverte skikkelege burgerar, Jacobs og Ostehuset, samt øltelt og underhaldning. Kjempestemning med Storhauggjengen.

Sjølvsagt bad dagen etterpå:

Nesten ikkje folk så tidleg, men..
Så kjem heile gjengen like i helane..

Svieradaren på, men berre to i sikte og under kontroll.


Alt klart..

19,4 grader i sjøen denne dagen. Litt vekslande ver. Sol hos oss, men regnbyger over Sandnes. Litt yr i lufta då me rusla heimover.

9 sjøbadarar denne dagen, og kjekt å treffast før ein fer vidare på ferie.

Fysste onsdagen i årets august kjem melding frå Sten:

Hei igjen

Hadde tenkt å bade på onsdag, men tirsdag kveld var det mørkt og eg var litt trøtt. Så eg bestemte meg for å hoppe over morgenbadet – og heller vente til det ble litt kaldere i været.

Slo av mobilvekkinga og køyp til senga.

Klokka 05.45 lå eg lys våken og kikka på klokka og fekk ikkje sove lenger. Gammal vane er vond å vende – så det var bare en ting å gjøre. Stå opp – koke kaffe og komme seg til Godalen.

Skikkeligt vestlandsver. Regnet datt ner og eg var aleina på stranden. Heldigvis var det ingen brennmaneter så eg fant ut eg skulle ta meg ein dukkert.

Men så dukka Kristin opp i regnveret.

Hun hadde og tenkt å hoppe over morgenbadet – men fant og ut at en gang måtte hun starte høstbadinga.

Litt etter kom og ein te ruslande nedover bakken. Kristin sa at han holdt ein plastpose i hånda, så det var sikkert ein som skulle bada.

Det var Gunnar. Som og hadde tenkt å kutte ut morgenbadet, men hadde funne ut at han kunne ta ein tur nedenom for å se om det var noen som skulle bade.

Så fekk han eventuelt ta turen til Gamlingen om han var aleine.

Så det var tre “tvilarar” som bada. Våte blei me lenge før me nådde strandkanten. Vannet var herlig, me fekk ein god prat når me lå å duppa i bølgene.

Og – som vanlig – ein enda lengre prat over kaffekoppen og frokosten inne i bua.

Helsing Sten

Ha ein fortsatt fin sommar!

Me badast!

smiley

Svein Egil



Feriebad I

Heilårsbad Posted on Mon, July 15, 2013 17:49

Hello Badpeople!

Sommarferie og “late” dagar..

Me kosar oss med andre ting enn det me gjer i det daglege, og det betyr så mangt.

Nokre reiser langt av garde, andre meir kortreiste.

Her i Ryfylke betyr det for oss Jelsa og Nyvoll.

Hage, hus, hytta, båt, seine sommarkveldar i lag med gode vener, god mat og drykk, jordbær så det monnar, rabarbrapai, langsteikt lam, sa eg bading?..

Melding frå Torhild den 2.juli:

LØRDAG, 5 badere i sjøen som holdt 15,2 grader.



Satt etterpå i solveggen med god frokost og kaffe. Fin start på helga.

God sommer!

Torhild

Onsdag 3.juli var Jorunn og eg nede til morgenbad.

Vår bryllupsdag nr. 26.

16,3 grader i vatnet og berre oss to i tosomhet..

Me var klare for ny dag. Ingen tegn til svier..

Så ny melding frå Torhild:

Lørdagsbad på Mones i Mandal. Søndag på Hvalstrand i Asker og

neste blir ved fjorden i Fredrikstad.


Sola skinner i øst.


Nyter sommer og ferie. 🙂

Torhild!

Ha ein fortsatt fin sommar!

smileySvein Egil



Ein gong te’

Heilårsbad Posted on Thu, May 24, 2012 16:05

Hallaisen igjen!

..og ikkje nok med det!

Torhild sendte MMS onsdags kveld:

“Vi traff Kristin og sønn i godal.
Og dermed ble d et kveldsbad 🙂 Torhild”

Så eg reknar med at sønnen tok billede av desse flotte badenymfene!

I dag tidleg vart det også morgenbad på oss.

Her gjeld det å nytta godveret..

13,5 grader i sjøen er ikkje å forakta kl. 0700 på morgonen.

Treng ein ord til dette?

5 morgenfriske sjøbadarar og streik på gang..

Ha ei flott helg.

Me badast!

🙂 Svein Egil



Kommentarer

Heilårsbad Posted on Wed, March 14, 2012 13:47

Spørsmål om korleis ein legg inn kommentarar!

Då må du logga deg inn fysst!

Øverst skriv du inn mailadressa di og det passordet som du har fått av meg, då kan du skriva inn kommentarar til det som vert skrive i bloggen!

Berre prøv!

Hugsar du ikkje passordet kan du senda meg ein mail, så ordnar eg det!

smileySvein Egil



Nyttårsfilm

Heilårsbad Posted on Mon, January 02, 2012 19:30

Snurr film.

Fotograf Aksel (Mariannes sønn).



Mellom bygene bad

Heilårsbad Posted on Sat, January 15, 2011 12:19

God morgen godtfolk!

Endelig lørdag og tid for bad!

Ja, ikkje det at det e det einaste badet i løpet av veka, men

lørdagsbadet e någe spesielt.

Då e det samling ved miljøstasjon, vandring langs sjøkanten, bad, drøs, sein frokost, ja

kort sagt: God lørdagsstemning.

Melding til Lokalen:

4 grader i sjø og på land. Nydeleg oppholdsver og 10 kroppar i sjøen.

Sissel gjer seg klar med håndklede.

Fullt rundt bordene, og god drøs.

Ameliesaken vart behørig drøfta og det var stort sett enighet om

at dette er ein prinsippsak som er viktig.

Ein kort befaring i buå før me traska vidare.

Dette skal bli bra, men stor enighet om at dette skal gjerast enkelt.

Dersom klar himmel onsdags kveld, blir det fullmånebad kl. 2100.

Oppmøte kl. 2030 ved miljøstasjonen.

Ha ei flotte helg!

Bildene kjem etter kvart..

🙂 Svein Egil



Stillhetens hav

Heilårsbad Posted on Wed, January 12, 2011 15:21

Mørkt,

kaldt,

glatt, men…

stjerneklart og blikkstille..

på veg til Godalen.

Møtte ein svaneunge som freste oppi bakken.

Den hadde nok tatt kvelden godt oppe på land, og blei litt engstelig då

me kom på lette badebein mot Godalen..

Eg sa “stille hav?!”

Berre brutt av Sten i det klåra vatnet.

Idag kunne me melda: 3,7 i sjøen og minus 1 på land. Blikkstille og stjernklart.

Nå er det tid for frukost! Nåsjå, der kjem Gry!!

Ein flytekran for ut fjorden då det klarna i vest.

Diskusjonen idag gjekk som vanleg i forskjellige retningar, men enda opp med

varslingsrutinar og nedbørsmengder.

Sa me at møtet med Park og Brodd gjekk svært bra!

Tilgang til bua innan kort tid!

Då ses me lørdag!

Ha ein fin veke!!

🙂 Svein Egil



“Stokkabad” i Dusavigå

Heilårsbad Posted on Sun, January 09, 2011 12:23

Hei igjen!

Astrid, Sten og Torhild sender melding og bilder frå lørdagsbad

i Dusavigå! Stokkavatnet var frose igjen, så det lettaste vart Dusavigå og

hjem til Astrid og den gode suppa.

10 badere og 3 vakter.

Ca. 3 grader i sjøen denne lørdagen..

Malaysisk rekesuppe etter badet.

Melding frå ein kjempefornøyd badegjeng.

Me sjåast onsdag!

Då skal eg vera på badebein igjen.

🙂 Svein Egil



1.nyttårsdagsbad 2011

Heilårsbad Posted on Mon, January 03, 2011 11:53

Godagen sjøbadere!

Og Godt Nytt År til dokker alle!

Melding frå Torhild:

” Fin start på badeåret. 25 rundt bordet og 2,9 grader i sjøen.”

Bilde fulgte med:

Else og Sten melder at det i tillegg er kommet på plass to nye langbord i Godalen.

Kjempeflott jobba av Parksjefen og Natur og idrettservice.

Sten melder at han sender bilder, så dei kjem..

Og idag, 3.januar, fyller Gry 50.

Hipp, hipp, hipp!!!

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Sistebad-2010

Heilårsbad Posted on Wed, December 29, 2010 09:13

God morgon godtfolk!

Ja, no vart det morgon 5.dag jul og siste onsdagbad i 2010.

Snø og måne i ne, med litt trekk frå sydost.

Jo, Godalen låg tiltalande då turen vart retta mot stranda denne morgonen.

Ikkje fullt så kaldt som ellers i jula, 2 grader heime.

Idag vart det fråfall i gjengen. Omgangssjuke og desslike herjar og med heilårsbadarar, men

to av oss, Astri og meg sjøl, fann turen ner..

Idag var det godt med ender å leka seg med, men då me letta på antrekket og tok retning sjøen, fann dei ut at det fekk vera nok. Dei tok “te paling”.

Med stormlampa tent var det godt å ta returen til omkledningsbenken, der kaffi og frukost venta.

Idag kunne me melde til Lokalen at det var 2,4 grader i sjøen og minus 1,9 på land. Flau bris og snødekke. Lampen er tent og dagen er i gang.

Gode diskusjonar om det som bryr oss til me til slutt spanderte mat på vår

raudstrupekompis, pakka saman, tok lyktene og vandra vidare i dagen.

Astrid til jobb og eg heim.

God bedring te dei som treng den omtanken, og så sjåast me i Godalen 1.nyttårsdag kl. 12.30 med avmarsj frå Varden kl. 12.00.

Ha ei flott nyttårsfeiring i mellomtida!

🙂 Svein Egil



Next »