Hallaisen godtfolk!

Så har det vore helg igjen ( ka e’ alternativet??) og med kan roa oss ner søndagskvelden for
å sjå veka i møte med fritt sinn.

Travel korpshelg for vår del.

Siste runde i familien med korpskonkurranse.

Det gjekk strålande. Alle godt fornøyde med 3.plass i 2.divisjon janitsjar for Nylund skolekorps, med 92 poeng. Då kan me smile og vera godt nøgde.. Neste gong…

Klarinettensemblet gjorde det også bra, i hard konkurranse med 16 ensembler kom dei på delt 8 plass. Gode dommarkommentarer som er fine å bygga vidare på.

Dette gjorde at Gry og eg tjuvstarta litt på badet denne laurdagen.
Me ville jo sjølvsagt ha oss eit bad i Godalen før me drog på konkurranse i Bjergsted.

Då me heiv oss i sjøen var det rett før resten av gjengen runda hjørna med Strømvik bad.

Temperaturen i sjøen var 4,6 grader og fine folrhold, sjølv om ruskeveret hadde henta fram ein god del tang og tare og slengt det på land.

Hilde venta på ei venninne, som kom slentrande etter at me var i tørkemodus.
Kristin frå Vaulenbadarane hadde tatt turen, og viste seg å vera kjent med “folk flest”.

13 badarar i sjøen og ein del badevakter til å styra på land.

Som vanleg god stemning rundt frukostbordet då Gry og eg drog avgarde for å
fylgja korpset til scenen.

Ei flott helg!

smiley Svein Egil