Goddagen!

I dag kunne me melda til lokalen at sjøbadarane i Godalen var 0,1 meter under havet!

På ein morgon der sjøen låg blikkstille og takå/skydekket var heller lågt.

Lite vatn i sjøen var det også, med sjelden stor fjære.

Dagen nykommar var Mike frå Danmark. Han bur i Rosenli og me håper at han fann badeturen så bra at den kjem fast på kalenderen.

Ellers var Susanne på plass frå Danmark. Ho måtte opp og sjekka badetemperaturen og korleis det stod til med oss….

10 badarar var uti denne morgonen, i 5,3 grader forfriskande sjø.

Vatnet verka kjøligare, då det var fin temperatur på land.

No er det berre ei veke omtrent til me skal snu klokka mot sommar og det igjen blir litt mørkare om morgonen.

Det betyr nye sjansar til eit morgonbad i soloppgang.

Hadde det vore klar himmel i dag ville sola gitt oss varme i badet, men denne gong ei..

Ha ein forrektige god dag og…

me badast!

smileySvein Egil