Hei godtfolk!

Ein fin helg er forbi og me kan sjå tilbake på fine opplevingar ved fjord og hei.

For vår del vart det Jelsatur, med flotte solnedgang og ein fantastisk stjernehimmel på fredag, og ein påfølgande solrik dag i går.

Utsikten frå Motbakken i ulike lyssettingar. Augene kan kvile.

Lørdagen starta med ein kaffikopp på terassen og radioen på.

Så tikka det inn frå Torhild:

” 17 badere, 1 badevakt og nå frokost i nydelig vær. 5,6 grader i sjøen.
Ha en fin Jelsahelg! “

og bilde..
Ka hadde ein ikkje gitt for eit bad med denne gjengen?

Skodda ligg som eit slør, men må snart vike for sol og vårstemning.

Ole sender ei helsing like etter:

” Endå eit bilde som viser gleda ved bading i Godalen 🙂 “

og her er stemninga på topp!

For ein flott gjeng å samla rundt eit bord etter bad!

Vårstemning i Godalen!

Fina helgå!

🙂 Svein Egil