Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Årsmøte 2018

Festligheter Posted on Thu, February 15, 2018 12:18

Husk 23.februar kl.1900

Sjekk facebookgruppens arrangementer!

Påmelding innen 21.02.2018

Åresalg som vanlig.

Flere detaljer kommer på facebookgruppa!!

Be there!!

60i100!!!

smileySvein Egil



1.Nyttårsbad 2018

Festligheter Posted on Sun, December 31, 2017 16:45

1.Nyttårsdagsbad i Godalen

Bli med og bad inn det nya året!

Kl.12 frå Varden miljøstasjon og
Kl.1230 i Godalen.

Bad og me tek med restar frå jul og nyttår og lagar langbord.

Godt Nytt År til alle badefrendar og
Takk for alle gilde minner frå året som stundar.

Me badast!



Fullmånebad i desember

Festligheter Posted on Fri, December 30, 2016 14:38

Hei folkens!

Fullmånebadet er berre eit godt minne fra året som svinn,

det same er solsnu og julanisse.

Det går mot lysare tider med brask og bram, nedbør og storm.

Men fysst… vert det lørdagsbad og nyttårsbad.

Klokka 12 ved Varden miljøstasjon og 1230 i Godalen.. eller var det 30 minutt seinare?!

Reknar med å bli retta på ganske så raskt, så eg sjekkar ikkje meir endå.

Melding ut:

Ha ein fin førnyttårstid, takk for eit gildt badeår som svinn og

bad vel!smiley

Svein Egilsmiley



Årsfest2016

Festligheter Posted on Sun, September 04, 2016 13:15

Hei godtfolk!smiley

Velkommen til årsmøte i Godalen Sjøbadarforening laurdag 10. September i hagehuset i Ramsvik og Rosendal kolonihage.

Frammøte kl 1700 ved inngangen mot idrettshallen.

Ta med litt mat til felles buffet samt ein gevinst til åresalget (gjenbruk) og det du vil drikke pluss badetøy,

kl 1730 går me og bader på eit nes på veg mot Godalen.

Spleis på husleige kr 100,- pr pers, årene kr50,-. Fint om du melder tilbake til meg om du kjem, hvis du gløymer det er du like velkommen.

Beste helsing

smiley

Jorunn,

på vegne av styret.



nyttårsbad

Festligheter Posted on Sun, January 04, 2015 22:53

Godt Nytt til alle!

Komme litt ut av rytmen her

1.nyttårsdag vart ein fin badedag, med godt oppmøte.

.. og som vanleg, dekka bord med kvit duk og alskens godsaker.

Litt levande..

25 badande og 30 i alt. Høg stemning og mykje godt å dele.

Klargjering.. fleire bord må ut.

og snart er alle seta.

og alle helsar det nye året velkommen!smiley

Badevaktene les dikt og det vert sjølvsagt skåla i både kjørbart og ikkje…

Små og store tek del, med ulike interessefelt. Her er Anette med barnebarn.

(Krokodilla ville ikkje vera med på biletet.)smiley

Men folket tok seg god tid og mykje vart det tatla om.

..langsmed ein steinlødde vegg.

Godt det snart e bad igjen!

Me badast!

smileySvein Egil



Sistedesemberbad2014

Festligheter Posted on Wed, December 31, 2014 16:20

Hei alle badefrendar!

No stundar det mot kveld og det dragens år

og me har gjort oss klare til fest!

Onsdagsbadet vart unnagjort kl.0700 i dag morges, med god tid til kaffikoppen, frukosten og drøset.

Mørkt denne siste morgonen i 2014. Stille og tåkedis.


I sør ligg Sandnes… ein stad.

5,4 grader i sjøen og lykta tend til heimkome.

Fantastisk klart vatn.
Ingen tvil om at stemninga var god!


Me tok oss god tid. Likevel var det mørkt då me tok heimatschussen.

..ok… litt lysare. Solsnu er unnagjort og me ser mot lysare tider..

som andre..

i denne utbrytargruppa. Den berykta fraksjonsgruppa “Kl.10badarane“.
Som bare MÅ sikra seg sista badet i året!smiley

Se så fornøgde dei er!

Okej då! Me vart slått på målstreken!

Men i morgon er det nytt bad!

Me badast til Nyttårsbadet kl. 12.30.

Takk for alle gode bademinner i året som no svinn og me ser fram til mange nye i året
som no melder sin ankomst!

No er det snart feiring og fest!

smileySvein Egil



Julebadebilder2014

Festligheter Posted on Sun, December 28, 2014 15:30

Nå er det Jul igjen..
Ja, nå er det Jul igjen..
og Jula varer heilt til Påske!

Juelbadebilder frå sjøbadarar i vinterskrud.
Den kvite, støyskjermande og opplysande, våte og glatte snøen
kom til slutt.

Kvit jul e best!

Og sjøbadarane i Godalen badar vidare..

Gry melder frå Bota ( Sørlandet) den 22.:

Kveldsbader kan melde om vindstille, blåtime, høyvann og 4 grader i vannet. 1 grad i Bota!

Her er julebukkbadaren!!

Torhild: Vi ble enige om at vannet målet ned mot 5 grader et sted. Julekos i bua, da det plutselig kom ei sluddbyge.. God Jul videre! Astrid og Torhild

Julaftan e jo ein onsdag.. så klokka 0700 var det to badarar på plass:

Siv og Astrid, klare til bad.
Dei melder: Sender bilder av to fjøsnisser som tok julebadet i Godalen i dag.
God temp. og fin fin stemning og deilige julekaker.

Klemmer frå Astrid og Siv.


Kristin seier klårt ifrå: Julebad! Brrrrr ! Ser forlokkande ut.. ikkje sant!
Jelsa melder: Julemorgenbad med familie og venner – med påfølgande gløgg og varme

Frå Tonje: Julebad 2014 – God jul/merry Christmas/Feliz navidad!!

Astrid melder: Rakk det! God Jul!


Rapport fra hjemmefronten i Godalen. Bare MÅTTE ta et vinterbad 1. juledag. Godt å få svidd av litt juleflesk nå i etterjulestria. En fotograf og markør om eg fekk problemer å komme meg opp av vannet, og en som hadde en fin liten pause ved stupebrettet. Eller svingte en del kjente innom i løpet av badet. 6,5 grader i sjøen, og -0,5 i lufta. Nydelig bad.

Ole melder om: Romjulsbad i herlege Sognefjorden!

Sten meldte og at det var fleire badarar i sjøen på lørdag.

Og onsdag er det jo også badetid. Kl. 0700. Presis!

og berre nevner det..

Nyttårsbad 1.januar kl. 12.30 i Godalen.

Fest og bademoro!

Ha ei framleis fin romjulstid og..

me badast!

smileySvein Egil



Årsmøte 2014

Festligheter Posted on Sat, February 15, 2014 16:04

Agenda

Oppmøte kl. 1930

28 gjester og fabelaktig stemning!

Velkomstsprudel.. v/styret

Indisk Kyllingsoupe

Påfyll

Sak til årsmøtet v/Niels

Badevaktene taler og balerer. (Bente & Johanne)

Åresalg og trekning med påfølgende kaos.

Film

Diktopplesning v/ Kristin


og

Film

Torader (badepolka m.m.) v/Astrid

Kaffe og kaker“Ta de på.. ta de på.. ta de på!!

Ost og kjeks

Påfyll

Toraderspell (Astrid )

Påfyll

Påfyll

Nattmat
Ungdomsfylkingen med forterkningar visast rette vegen heim..
Styret rundar av..

God morgen!

Takk for ein sulande kjekke fest!

Me badast!

smileySvein Egil



Ryddebad

Festligheter Posted on Sun, January 12, 2014 17:20

..då kjem det melding igjen..

Torhild melder:

Søndag, 20. dag jul, ryddet vi jula ut av bua. Sola skinte, stille sjø og selvfølgelig ble d et bad i finværet. Nytt termometer viste 7g. Flott dag:-).

Nytt termometer blir kjekt å ha no når kulda kjem..
Flotte damer i bøljan blå.

Godt å sjå det fina veret idag.

Det kan bli flotte onsdagsbad i tuda som kjem.

Merkar meg også at det er konkurranse om badeburkaen min. Javel..

Ha ei flott helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Nyttårsbad2014

Festligheter Posted on Thu, January 02, 2014 15:01

Juhuu!

Godt Nytt År og takk for det gamla!

1.nyttårsdag er dagen for å få vaska av seg og starta det nye året nyvaska og rein.
Sånn symbolsk sett!

Nogen gjer dette skikkeleg og det er nyttårsbadarane!

I år godt representert med over 30 fremmøtte og 23 badarar i sjøen.
Litt til ulike tider og temmeleg usynkront, men allikavel…

6,7 grader vart det målt denne første dagen i året, og alle b orda vart henta ut frå
naustet, til eit dugande langbord.

Og bordet vart dekka. Med både det eine og det andre…
Sprudalnde vart opna under stor jubel og servert, saman med “Sprudledamer” av og med
diktaren sjøl, Gunnar Roaldkvam.

Talar og dikt kom etter kvart, og med det lått og løye.

Her nokre bilder frå seansen:



Med fyr på bålet og sol i ryggen vart det litt å varma seg på, sjølv om det vart litt blest etter kvart!

Ha ein fin veke og så badast me!

🙂 Svein Egil



Next »