Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Julebadebilder

Festligheter Posted on Thu, December 26, 2013 14:14

Hallaien badpeople!

Roen har senka seg rundt om, og badefolket tar seg ut:

Me var 10 stk. som heiv oss i sjøen på julaftan her på Jelsa.

God blest, ingen snø, men høg stemning. Påfølgande gløgg og godsaker sette
oss i stemning. Julevasken var unnagjort!

Og Ole melder frå Sogn:

Joledagsbad i Sognefjorden. Ikkje kjenner eg til temperaturen i sjøen. På land er det 7 gr. Og fotograf??. Helse folket!

med bilde: og Kristin følger på med tre bad på rad:
Julafta, 1. og 2.juledag:

Tre på rad for noen av oss. Sol og julekaker og kos i Godalen

Gesine, Merete, Synnøve og Kristin.

Du men dei er flinke desse jolebadarane!

Godt å få lufta seg mellom måltida og kjenna at ein er te’!

Ha ei flott romjulstid!

Me badast!

smileySvein Egil



Forberedelser

Festligheter Posted on Mon, April 29, 2013 20:32

Hallaisen!

Her ein liten tilbakemelding frå styret som var nedom i naustet

for å forbereda siste offisielle vinterbadedag.

Tradisjonelt siste lørdagen i månaden april.

Denne gongen kollisjon for fleire sjøbadarar, men like fullt, sjøbadedag.

Sidan mange i styret ikkje kunne vera tilstades vart det laga til alternativ markering.

og som de ser, stemninga var på topp..

Når ein skal feira trengs det forberedelsar..

pynt og hint..

då stige stemningen…

og alt er lagt til rette for..

eit godt bad og ei fin markering!

Jess!

Beste badehelsing frå Styret!

Me badast!

(Med påhalden penn) 🙂 Svein Egilsmiley



Påskebad

Festligheter Posted on Wed, April 03, 2013 15:45

Hallaien!

Set av litt plass til påskebilder fra ulike hold.

Kjem litt seinare!

🙂 SE

smiley



Livsgledebad

Festligheter Posted on Sat, February 02, 2013 17:05

Hallaisen!

Ny dag, helg- med nye lodd og nye badesjanser..

Veien ned til Godalen var kvitkledd i dag.

Termometeret vist ca. 0 grader i dag, sånn pluss/minus..

Berre eit spor i snøen, med gryande dag i syningom.

Men som alltid, det aular fram når tida nærmar seg.

Gradvis sig dei til frå ulike kantar, og så er me 15 stykk som samlast til klesbyte –

upstairs and downstairs.

Nå vert eldrebølga erstatta av ei ny bølge:

Livsgledebølga – for alle aldrar og kulturar, tru og kjønn.

Berre kjenn…

3,4 grader i sjøen i dag, og det var tydeleg at Park og vei hadde vore å rydda på stranda.

Godt arbeid!

Sanggleden tok tak i gjengen i dag, og det vart både sang for kropp og sjel..

uten at ein seier meir om det.

Badeburkaene kjem no i fleire flotte utgåver, så det er snart tid for eit felles badeburkabilde.

No nærmar det seg årsmøte og me må klargjera styret og badeenglane(badevaktene for deira oppgåver…

Ha ein fin dag og helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Nyttårsbad 2013

Festligheter Posted on Wed, January 02, 2013 15:20

Jubelbad!

Stor gjensynsglede då me samlast ved Varden miljøstasjon.

Møje glass å kasta, så det var den store gjenvinningsdagen!

Tungt lasta førte Bodil oss vidare, til ei omvisning i Sørnes-hagen.

Flott å gå på stiar ein ellers ikkkje ferdest på.

Då me etter kvart kom ned mot Godalen var det folksamt.

Både badarar, badevakter og turgåarar ellers!

Ein anninge gjeng som ville uti fortare enn svint.

Først eit felles abd i stranda og så på neset ved trappa og utaføre naustet.

Høgvatn og rimeligt bra ver.

6,1 grader vart målt denne dagen og Astri tellte opp 36 rundt langbordet.

Høg stemning, god mat og drikke, saman med kulturelle framtøt av både Bodil (dikt), Torhild (stuntdikt) og Helge Dagfinn med ringdanstendensar!

Ei nyttårssamling av kjent standard!

Onsdagsbadet vart sletta frå badekalenderen idag, men så er me igang igjen!

Godt det snart er helg!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Livsgledebad

Festligheter Posted on Sat, November 17, 2012 17:30

Hei folkens!

Her på Jelsa er det regn og dryppande ver, men i Godalen….

regnar det og!

Flott å gå seg ein tur likavel

Melding frå Godalen og Jorunn:

“Sju badarar og 9,1 grader i sjøen.

Tema for samtalen idag vart prosjekt Livsglede”.

Her er tre av gjengen på vei videre rå Godalen.

.. og her på Jelsa:

Ein tur ut på Gamle Dampskipskaien!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Haustferieonsdagsbad

Festligheter Posted on Tue, October 16, 2012 21:50

Haustferie?

Joda, det er ferietid.

.. og fiina veret.

Litt kjøligt, men likavel edru ( som Bjørn Eidsvåg ville ha sagt det!).

Onsdagmorgen og det rykker i badefoten.

Tid for Godalen!

Litt mørkt når me kjem ned, men lys i naustet. Men det lysnar fort.

Iallefall hjelper det med ein blits..

og det hjelper med eit bad. Då lysnar det på meir enn ein måte.

10,6 grader i dag og 6 badarar i havet!

Så kom lyset!

God morgenstemning og drøs om Danmarkstur og gilde minner.

Någen så vil bytta?

Me badast!

🙂 Svein Egil



Godbad

Festligheter Posted on Sat, September 08, 2012 14:49

Guddagen igjen!

Laugardagen starta med 3 frå Varden, var 5 ved pølsesvingen, 7 ved Strømvik kolonihage og 18 badarar i sjøen. Samt godt med badevakter!

14 grader i sviefri sjø.

Du men det gjorde godt i dag og..

Stort sett opphaldsver, men litt duskregn minna oss om at me sat ute.

Helge Dagfinn la inn eit godt ord for Internasjonal Cafe i Brødregata, tvers overfor Fretexbutikken…

Ha ei flott helg!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Spyledugnad

Festligheter Posted on Tue, June 26, 2012 07:42

Guddagen!

Ein liten kveldsdugnad med mye folk på tur i området.

Asfalten rydda for sand og grus, og golvet spyla reint.

Sand, sand, sand …….

Den kjem til øve alt.

“Blankspylte golv”!

Samt ei ny sperre på naustdøra.

Og etterpå: Kaffe og gulrotkake.

Nå er me klare for onsdagsbad!

Me badast!

smileySvein Egil



Årets badar!

Festligheter Posted on Sun, May 13, 2012 20:34

Guddagen!

Vel, så var det nytt laurdagsbad og nye lodd i trekninga om årets badar.

Godt oppmøte ved Varden og fina veret får ein seia.
Sjølv om gradestokken burde vist meir den 12.mai, så skein sola over
spirande ramsløk på veg til Godalen.

Og som alltid, om ikkje ale tek turen langsmed sjøen, så aukar det på med badarar
når ein rundar neset og ser Godalstranda liggja som eit sydens “Kaldorca”, med finvaska strand og fjære sjø.

Borda vert sette ut og me vandra mot ytterste pynten. Stupebrette ligg endå klargjort.
Det kjem visst ikkje lengre i år…

Så er det klart for badetrappa og sjøbad på tampen av sesongen, ja tamp og tamp.
Ein kan jo spørje seg kva tid vinterbadesesongen byrjar og tek slutt.

7,1 grader i vatnet i dag og kø ved trappa.

Likeeins kødanning ved frukostbordet, med mykje godt å sjå.
Så vert det fart i styret med erkebadeenglar og badevakter.

Diktlesing og årets badar vert kåra (sjå følgande videoar).

Årets badar er
KRISTIN!!

Champagne og nytova sittebrett i sjøbadekulør og initialar!

Gratulerer med utmerkelsen, den heng høgt!


19 badarar og ein badevakt på plass. Og sola gav oss varme og håp om ein fin sommar..

Bente badevakt les dikt

Jorunn erkeengel kårar årets badar

Årets badar-del II

Ha ei fin helg!

Me badast til onsdag!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »