Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Nyttårsbad 2013

Festligheter Posted on Wed, January 02, 2013 15:20

Jubelbad!

Stor gjensynsglede då me samlast ved Varden miljøstasjon.

Møje glass å kasta, så det var den store gjenvinningsdagen!

Tungt lasta førte Bodil oss vidare, til ei omvisning i Sørnes-hagen.

Flott å gå på stiar ein ellers ikkkje ferdest på.

Då me etter kvart kom ned mot Godalen var det folksamt.

Både badarar, badevakter og turgåarar ellers!

Ein anninge gjeng som ville uti fortare enn svint.

Først eit felles abd i stranda og så på neset ved trappa og utaføre naustet.

Høgvatn og rimeligt bra ver.

6,1 grader vart målt denne dagen og Astri tellte opp 36 rundt langbordet.

Høg stemning, god mat og drikke, saman med kulturelle framtøt av både Bodil (dikt), Torhild (stuntdikt) og Helge Dagfinn med ringdanstendensar!

Ei nyttårssamling av kjent standard!

Onsdagsbadet vart sletta frå badekalenderen idag, men så er me igang igjen!

Godt det snart er helg!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Mot nyttårsbad

Lørdagsbad Posted on Wed, January 02, 2013 15:11

Ja, så lakka det mot slutten av året og det var tid for litt

“contemplasjon” i naustet!

Vel, det gjekk mest på ka farge sjokoladebitane hadde og at dei gule var best..

(appelsinsmak, ikkje sant Marianne?)

God stemning som vanleg, 5 badarar og 5,3 grader i sjøen.

Godt med vind og regn, så me søkte ly i dag.

Stranda vår skikkelig dekka med tang og tare, og me måtte eit stykke uti forå få klart vatn.

Men innandøørs var tempen høg!

🙂

Me badast!

Svein Egil



2.juledagsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 02, 2013 14:56

Onsdag 26.desember

Melding frå Sten:

Ein liten melding fra onsdagsbadet. Me var 6 stykker som møttes i Godalen i dag til eint SEINT onsdagsbad. Ute på vår vante badeplass var stupebrettet kasta på land av stormen i helga. Legger ved noen bilder eg tok lags turstien for å vise at vinden har vore kraftig i helga. Stranda i Godalen var dekka av tare, så me bestemte oss for å bruke vinterbadetrappa vår. 5,1 grader var temperaturen i det ytre badeområdet, sjøl om det føltes mye kaldere ut.

Tid til ein gode kaffepreik var det og, der Niels imponerte med sine tyskkunnskaper.

Nå er det bare å forberede seg til nyttårsbadet, med et godt oppvarmingsbad på lørdag. Skal me ha fellesbading fra stranda første nyttårsdag, må me nok rydde stranda for tare. Ellers vil HMS ansvarlig stoppe oss i oppløpet!!!

og bilder:

Då var me komne til romjula og snøen slapp litt taket..

.. og det gjorde flunså og..

🙂 Svein Egil



Solsnubad

Lørdagsbad Posted on Wed, January 02, 2013 14:52

Litt oppdatering frå oss i influensatåka.

(Som nå er over!!)

Lørdag 22. desember!

Melding frå Sten:

SOLSNUBAD

Det var bara 3 stk som møttes på Varden lørdag, Arvid, Gisell og meg- Fant ut at siden det var solsnubad, så tok med turen over Varden for å nye sola.

Vel oppe i bakken, traff med Bodil, som og var på vei til stranda. Men hu hadde ein egen snarvei, og me slo følge.

Gikk via ridesenteret og kom ned til Godalen via skogen. Kjekk tur og kjekt med litt forandring.

Der nede sto det flere og venta på oss. Og to nykommere var alt i vannet. Dei ga oss skikkelige mindreverdighetskomplekser.

Bada sikker 5 ganger, sprang opp og ned bakken i badetøyet, uti sjøen igjen. Og me sto der og var litt øvegidde. Det var godt å se at dei frøs da dei kledde på seg. Så det var ALLIKAVEL kaldt i sjøen, sjøl for andre.

Alt i alt var me 11 badarar i aksjon. Tempen var 4,1 grad og me hadde ein rektig så fine solsnu frokost. Der me til og med fekk se solå.

Sten

Med bilder:

Godt bad!

🙂 Svein Egil