OGNATUR!

Hei alle badarar. Då er det klart for tur til Ogna/Sirevåg laurdag. Værvarselet ser bra ut. Toget går frå Stavanger St Kl 9.54. Møt fram ti min før, og kjøp billett til Ogna, der Niels tek i mot oss og viser veg til”dei fem små strender”. Etterpå et me og varmer oss i hytta til Niels. Hugs badetøy og niste. 😊 Helsing Niels og Jorunn

Og me helsar frå Godalen i dag!


8 badefrendar og ein hund tok ei vinterkledd strand i heite favntak og samla seg deretter til ei roleg oppvarming rundt eit “pelskledd” bord med lys og lykte. 3 grader i sjøen tyder på at det er eit lite bel til lunken kjem til vassande kner.

Snart soloppstandsbad!

Me gler oss!

Men fysst…. te Ogna!

Me badast!

smileySvein Egil