Lørdag formiddag og fina veret!

Jo, det var litt å kasta på miljøstasjonen denne lørdagen og.
Og sanneleg var det ikkje kjende fjes å sjå!

Godalen ligg klar for oss!

Men fysst vart det opprydding etter flaskeknusing av spritflasker. Trist, men sant.
Synd at det ikkje går an å ha eit anna forhold til badeHMS’en enn dette.


Men etter ein skikkeleg ryddedugnad var det klart for..
Gry sin svieradar! Fort lokalisert og klarlagt. Sviefri sone er konstatert, varsla og klargjort.
Struamretning fastlagt og avdrift utrekna.

Full og hektisk aktivitet rundt stupebrett og trapp.

16 badarar i sjøen som var på 17 grader.


Svoger Per, bror til Jorunn, dukka opp og tok eit forfriskande morgenbad for å vakna til dyst.
Bryllupsfeiring står på menyen til Romsbotngjengen..

..og kem har sagt at der ikkje er plass der det er hjarterom?

Me er alle klare for å nyta nok ei helg i ettersommarvarmens teikn!

Me badast!

smileySvein Egil