Hallaien!

Alle trudde det vart eit forrykande bad..
itte vermeldingane å dømma..

men..

iført heildekkande oljehyra og sandaler ( sko for ein badar ) såg eg på min vandring
mot Godalen.. to likekledde skikkelsar.

Stille sjø og eit tydeleg regnver.

Snart var jentene klare, Gry undervegs.. og me kunne stiga ut, men vent..

her har andre vore før oss.. Hrmm.

Med 17 grader i sjøen føltest det heila som eit varmebad.

Ein god følelse for morgonstøle lemmar.

Plaskande god stemning i vatnet, og ikkje teikn til svier, sjølv om radaroperatøren
kvakk til eit lite bel.

..men 6 våte sjeler kunne samlast rundt bordet og opna gluggen mot verda.
Litt tåkelagt, men dog..

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil