God morgen alle sammen!

Tenk tilbake på den flotte helgå og kor godt det var med ein aldri så liten forsmak på

kva me har i vente – sommar og sol.

Opninga var litt gråmelert.

Med godt oppmøte allerede på parkeringsplassen, der badefolket kom kjørande, syklande og gåande

med river og kostar.

Tid for rydding..

Det sedvanlege oversiktbildet må til.. men litt uvant med bilar innføre billedrammå.

Her er noko på gong..

Ryddegjengen gjekk kjapt i gang, og på eit blunk var sekker fyllte og stranda fint rydda.

Bord vart dekte og så tid for. “Los Immigrantes”. Latin-Amerikanske rymer strømma ut over Godalens strender, og rytmene forplanta seg i badeklare kroppar.

Med ei besetning fordelt på dansk, chilensk, sør-afrikansk og norsk opphav var det ikkje tvil om kor musikken kom frå. Flott oppleving.

Så på tide med sjøgang.

Både stranda og trappa på neset vart nytta og med 6,1 grader i sjøen var det godt at sola varma då me kom på land.

Rundt bodet var det samla rundt 25 store og små badefans og som vanleg var det mykje god mat og drikke..

Sylvi og Svanhild stod for lappe/svele-steiking, noko som er svært uvanleg i Godalen, men det kan fort bli ein vane. (Smakte vindunderleg).

Sang og moro frå fleire.. (kjem innslag om dette seinare..)

Ha ei flott 1.mai og velkommen til morgenbad onsdag 2.mai kl. 0700.

🙂 Svein Egil