Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Filmsnuttar

Festligheter Posted on Mon, April 30, 2012 15:06

.. og så, noke filmsnuttar frå laurdagen..

Har ikkje spurt om copyright’en, men satsar på at det er godkjent!

God 1.mai!

http://www.youtube.com/watch?v=zyFw9iDsEy4

og

http://www.youtube.com/watch?v=Z_8EI8CBvsQ&feature=relmfu

🙂 Svein Egil



Årsfestbad

Festligheter Posted on Mon, April 30, 2012 08:06

God morgen alle sammen!

Tenk tilbake på den flotte helgå og kor godt det var med ein aldri så liten forsmak på

kva me har i vente – sommar og sol.

Opninga var litt gråmelert.

Med godt oppmøte allerede på parkeringsplassen, der badefolket kom kjørande, syklande og gåande

med river og kostar.

Tid for rydding..

Det sedvanlege oversiktbildet må til.. men litt uvant med bilar innføre billedrammå.

Her er noko på gong..

Ryddegjengen gjekk kjapt i gang, og på eit blunk var sekker fyllte og stranda fint rydda.

Bord vart dekte og så tid for. “Los Immigrantes”. Latin-Amerikanske rymer strømma ut over Godalens strender, og rytmene forplanta seg i badeklare kroppar.

Med ei besetning fordelt på dansk, chilensk, sør-afrikansk og norsk opphav var det ikkje tvil om kor musikken kom frå. Flott oppleving.

Så på tide med sjøgang.

Både stranda og trappa på neset vart nytta og med 6,1 grader i sjøen var det godt at sola varma då me kom på land.

Rundt bodet var det samla rundt 25 store og små badefans og som vanleg var det mykje god mat og drikke..

Sylvi og Svanhild stod for lappe/svele-steiking, noko som er svært uvanleg i Godalen, men det kan fort bli ein vane. (Smakte vindunderleg).

Sang og moro frå fleire.. (kjem innslag om dette seinare..)

Ha ei flott 1.mai og velkommen til morgenbad onsdag 2.mai kl. 0700.

🙂 Svein Egil



Fullmånekvinnebad

Festligheter Posted on Fri, March 09, 2012 15:26

Ja, ka skal ein kalla dette?

Mange gode ting på ein gong.. og i alle fall, gratla med vel overstått til alle kvinner!

Dagen i går vart ein fin dag, med forventningar om ein Grande Finale..

Samling ved Varden, og eg ned til naustet for å fyra opp eit bål!

Stod på pynten og fekk med meg at 8.mars(j) toget kom farande ned turstien.

Ein god gjeng som runda hjørna i flott stil. Med plakat, veivisarar og faklar.

8 badarar i sjøen og ein heil gjeng med badevakter. 5 grader i sjøen denne kvelden og eit lett drag i lufta. Litt overskya, men som ein ser så kom månen fram etter kvart!

Bildene av badarane vart uklåre, men allligavel..:

I godt driv..

Varme klede og fyr på bålet. Langbord utafor naustet med god stemning og fullmånedans.

Treng ikkje meir!

Batteria er fullada!

Ha ein god dag, så badast me på laurdag!

smileySvein Egil



Isbadeskulptur

Festligheter Posted on Fri, February 10, 2012 12:34

Hei alle sjøbadere!

Fekk denne frå Kristian S. og måtte berre dele den…

Til muntrasjon og oppfordring..

Bad i Godalen i morgen!!!

Ha uansett ei flott helg!

smileySvein Egil



Nyttårsbadet 2012

Festligheter Posted on Sun, January 01, 2012 17:24

Godt Nytt År!!

Med det flotta fyrverkeriet frå Varden i minnet, var det godt å spasera ned veien til Godalen,
med eit flott solskinn i horisonten.

Dette hadde eg ikkje venta.

Då eg kom ned var det nesten folketomt,men eg visste at fleire var ute på tur..

og det stemde godt.

Før startskuddet gjekk for nyttårsbad var me 38 stk inkl. nokre badevakter.

Som bildene viser var stemningen god. Didi kom sist, men hu kom godt!


7 grader i sjøen og 8 på land trangt i naustet.

Borda tok me ut og det vart eit flott langbord, med god nyttårsmat og drikke dertil.

Torhild leste opp det årlege nyttårsdiktet, med eit nytt kapittel for 2012. Fosse skal ha takk for god inspirasjon.
Bodil hadde også eit flott innslag, fritt etter ” There is juløl inn the tynn…” Teksten kjem, og vert utgitt i Godalens samlede verker.

Innslaga kom vidare, med Badevakt Bente og “Sprudledamer” av Gunnar Roaldkvam.
Astrid hadde med pepperkakebadedamer og pepperkakebademenner. Alle behørig pynta i ekslusive badekostymer i glasur.

Dans rundt bålet for dei som trengde varme.

Sjølv om regnet kom og det vart nokre saftige byger, iblanda hagl, så er fasiten klar:

Ei god innleiing til det nye året!

Godt bad!

smiley Svein Egil



Reportasje i SA

Festligheter Posted on Thu, December 01, 2011 11:01

Her er lenke til reportasjen!

SA

Vel blåst!!smiley

🙂 Svein Egil



Årsmøte2011

Festligheter Posted on Mon, October 31, 2011 15:38

Hei alle sammen!

Vil bare takka for eit svært kjekt årsmøte!

Som vanleg med god deltagelse, på alle måtar..

Mat og medbrakte varer såg ut til å vederkvega oss alle, og etter både mat, åresalg, allsang, salmesang og anna ut i dei små timane, enda det heile opp i ein gryande dag og bad.

For dei fleste!

Badevaktene var i storslag og slo om seg med gode ord, formaningar, overraskingar frå sitt overfløymande gåvehorn, og ikkje minst, med å vera tilstades.

Nytt motto for badeåret vart: A perfect day!

Me får alle gjera vårt for å leva opp til det!!

..og styret var i godform:

Åresalget var nytt av året, og eg trur ikkje eg tar feil om eg seier at det kjem til å bli eit fast innslag i kommande samlingar..

Så derfor:

Takk til alle for ein kjempefin årelating!!

Nå er klokka snudd ein time tilbake, så nå vert det soloppgang på onsdag!!

smiley

Svein Egil



Årsmøte2011

Festligheter Posted on Mon, October 31, 2011 15:38

Hei alle sammen!

Vil bare takka for eit svært kjekt årsmøte!

Som vanleg med god deltagelse, på alle måtar..

Mat og medbrakte varer såg ut til å vederkvega oss alle, og etter både mat, åresalg, allsang, salmesang og anna ut i dei små timane, enda det heile opp i ein gryande dag og bad.

For dei fleste!

Badevaktene var i storslag og slo om seg med gode ord, formaningar, overraskingar frå sitt overfløymande gåvehorn, og ikkje minst, med å vera tilstades.

Nytt motto for badeåret vart: A perfect day!

Me får alle gjera vårt for å leva opp til det!!

..og styret var i godform:

Åresalget var nytt av året, og eg trur ikkje eg tar feil om eg seier at det kjem til å bli eit fast innslag i kommande samlingar..

Så derfor:

Takk til alle for ein kjempefin årelating!!

Nå er klokka snudd ein time tilbake, så nå vert det soloppgang på onsdag!!

smiley

Svein Egil



Fullmånesamling

Festligheter Posted on Sun, March 20, 2011 11:29

—så var det samling igjen….

Fullmånen idag er sjeldan.

Forskning.no: Ved fullmåne 19. mars 2011 kommer månen nær jorda (i perigeum). Avstanden blir bare 356 577 kilometer som er nær den aller minste avstand som kan forekomme de nærmeste årene.

Til sammenlikning er avstanden 406 582 km når månen er lengst vekk (i apogeum) 13 dager tidligere, den 6. mars.

Dette fører til at tidevannskraften fra månen blir hele 48 prosent større den 19. mars enn den 6. mars.

Prediktert flo og fjære

Den store tidevannskraften vil føre til stor springflo med større forskjell på flo og fjære (høyvann og lavvann) enn vanlig. På norskekysten fra Stavanger og nordover kommer største springflo vanligvis 1-2 døgn etter fullmåne.

Så det så!

Då klokka runda 22.30 tok det til å samlast sjøbadarar i Godalen.

Skya, men også fullmåne!

Månen spegla seg flott i skyer og sjøvatn, så me gjorde oss klare..

Klargjering er viktig!

I vatnet med oss, og fleire heiv seg med. 2,7 grader i sjøen denne kvelden, og 4 på land.

Godt då å bevega på seg..

.. i tigerdansen!

Kjekk samling med kjekke folk!

Då var det berre å samla saman og rusla heim etter fullmånebad i Godalen.

Med selskap av ein sjeldan nær måne.

“Time-out”

God natt!

🙂 Svein Egil



Fullmånebad-januar2011

Festligheter Posted on Fri, January 21, 2011 09:34

Kvelden va kalde og månen va…

full!

Onsdag 19.januar stod i fullmånens tegn og ga oss muligheter til feiring og bad.

Finver, kjøligt, stille og litt frostdis.

Kunne det bli bedre?

Kl.21 var det samling, og det vart 10 badarar i sjøen, samt ein del fullmånehangarounds.

Faktisk skikkelege tåkedis som hang i lufta..

Stor vilje til å sjekka badetempen denne kvelden.

Tempen låg på 3,1 i sjøen og minus 2 på land, men blikkstille.

Sten fekk innvia badekåpa som han fekk i dagen sin.

Ellers god samling rundt bordet.

Og med styret i godt humør kan det berre gå godt!

Litt trim måtte til, men det trengs litt trening for å få på plass dei rette trekka.

Drøset går som alltid godt, og her er det i tillegg opplyst.

Ein trakk etter kvart ut på “golvet”.

Slik var stemninga då me drog heim ..

Takk for ein flott kveld!

🙂 Svein Egil



« Previous