Godt Nytt År!!

Med det flotta fyrverkeriet frå Varden i minnet, var det godt å spasera ned veien til Godalen,
med eit flott solskinn i horisonten.

Dette hadde eg ikkje venta.

Då eg kom ned var det nesten folketomt,men eg visste at fleire var ute på tur..

og det stemde godt.

Før startskuddet gjekk for nyttårsbad var me 38 stk inkl. nokre badevakter.

Som bildene viser var stemningen god. Didi kom sist, men hu kom godt!


7 grader i sjøen og 8 på land trangt i naustet.

Borda tok me ut og det vart eit flott langbord, med god nyttårsmat og drikke dertil.

Torhild leste opp det årlege nyttårsdiktet, med eit nytt kapittel for 2012. Fosse skal ha takk for god inspirasjon.
Bodil hadde også eit flott innslag, fritt etter ” There is juløl inn the tynn…” Teksten kjem, og vert utgitt i Godalens samlede verker.

Innslaga kom vidare, med Badevakt Bente og “Sprudledamer” av Gunnar Roaldkvam.
Astrid hadde med pepperkakebadedamer og pepperkakebademenner. Alle behørig pynta i ekslusive badekostymer i glasur.

Dans rundt bålet for dei som trengde varme.

Sjølv om regnet kom og det vart nokre saftige byger, iblanda hagl, så er fasiten klar:

Ei god innleiing til det nye året!

Godt bad!

smiley Svein Egil