Hei alle sammen!

Vil bare takka for eit svært kjekt årsmøte!

Som vanleg med god deltagelse, på alle måtar..

Mat og medbrakte varer såg ut til å vederkvega oss alle, og etter både mat, åresalg, allsang, salmesang og anna ut i dei små timane, enda det heile opp i ein gryande dag og bad.

For dei fleste!

Badevaktene var i storslag og slo om seg med gode ord, formaningar, overraskingar frå sitt overfløymande gåvehorn, og ikkje minst, med å vera tilstades.

Nytt motto for badeåret vart: A perfect day!

Me får alle gjera vårt for å leva opp til det!!

..og styret var i godform:

Åresalget var nytt av året, og eg trur ikkje eg tar feil om eg seier at det kjem til å bli eit fast innslag i kommande samlingar..

Så derfor:

Takk til alle for ein kjempefin årelating!!

Nå er klokka snudd ein time tilbake, så nå vert det soloppgang på onsdag!!

smiley

Svein Egil