Guddagen!

Vel, så var det nytt laurdagsbad og nye lodd i trekninga om årets badar.

Godt oppmøte ved Varden og fina veret får ein seia.
Sjølv om gradestokken burde vist meir den 12.mai, så skein sola over
spirande ramsløk på veg til Godalen.

Og som alltid, om ikkje ale tek turen langsmed sjøen, så aukar det på med badarar
når ein rundar neset og ser Godalstranda liggja som eit sydens “Kaldorca”, med finvaska strand og fjære sjø.

Borda vert sette ut og me vandra mot ytterste pynten. Stupebrette ligg endå klargjort.
Det kjem visst ikkje lengre i år…

Så er det klart for badetrappa og sjøbad på tampen av sesongen, ja tamp og tamp.
Ein kan jo spørje seg kva tid vinterbadesesongen byrjar og tek slutt.

7,1 grader i vatnet i dag og kø ved trappa.

Likeeins kødanning ved frukostbordet, med mykje godt å sjå.
Så vert det fart i styret med erkebadeenglar og badevakter.

Diktlesing og årets badar vert kåra (sjå følgande videoar).

Årets badar er
KRISTIN!!

Champagne og nytova sittebrett i sjøbadekulør og initialar!

Gratulerer med utmerkelsen, den heng høgt!


19 badarar og ein badevakt på plass. Og sola gav oss varme og håp om ein fin sommar..

Bente badevakt les dikt

Jorunn erkeengel kårar årets badar

Årets badar-del II

Ha ei fin helg!

Me badast til onsdag!

🙂 Svein Egil