Hallaisen!

Ny dag, helg- med nye lodd og nye badesjanser..

Veien ned til Godalen var kvitkledd i dag.

Termometeret vist ca. 0 grader i dag, sånn pluss/minus..

Berre eit spor i snøen, med gryande dag i syningom.

Men som alltid, det aular fram når tida nærmar seg.

Gradvis sig dei til frå ulike kantar, og så er me 15 stykk som samlast til klesbyte –

upstairs and downstairs.

Nå vert eldrebølga erstatta av ei ny bølge:

Livsgledebølga – for alle aldrar og kulturar, tru og kjønn.

Berre kjenn…

3,4 grader i sjøen i dag, og det var tydeleg at Park og vei hadde vore å rydda på stranda.

Godt arbeid!

Sanggleden tok tak i gjengen i dag, og det vart både sang for kropp og sjel..

uten at ein seier meir om det.

Badeburkaene kjem no i fleire flotte utgåver, så det er snart tid for eit felles badeburkabilde.

No nærmar det seg årsmøte og me må klargjera styret og badeenglane(badevaktene for deira oppgåver…

Ha ein fin dag og helg!

Me badast!

smileySvein Egil