Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Nylaurdagsbad

Lørdagsbad Posted on Sun, January 04, 2015 23:11

Så var det påan igjen..

Nytt år og nye laurdagsbad.

Flott å sjå at det var lite fyrverkerirestar igjen i gatene forresten.

Vonar det er fellesoppskytinga som me kan takke for det. Eit flott skue..

Laurdag ja, og det nærmar seg fullmåne.

Det bar tydeleg å sjå på høgvatnet denne dagen

Godalen låg blank og fin og med sjeldant høgt vassyte.

og himmelen var eit skue denne dagen, med snødryss over Sandnes og blå himmel over oss, ei stund..

Det tok ikkje lange stunda før det var badarar i vatnet.

5,5 grader i dag ( 5,3 på 1.nyttårsdag).

13 badar i sjøen. ( Det dukkar alltid opp ein badar eller to..) Tog du an?

Tempen på land var 3,3. Me kunne glatt ha holdt oss uti.

Godt kledde og rede… til ein god drøs.

og oppi nisteboksen havnar det ymist av det gode slaget.. som ein kan nyte til dessert.

Så er det å pakka saman og ta i retning hus og heim.

For mange slutt på ei flott jule- og nyttårshelg.

Utan ord…

Me badast!

smileySvein Egil



nyttårsbad

Festligheter Posted on Sun, January 04, 2015 22:53

Godt Nytt til alle!

Komme litt ut av rytmen her

1.nyttårsdag vart ein fin badedag, med godt oppmøte.

.. og som vanleg, dekka bord med kvit duk og alskens godsaker.

Litt levande..

25 badande og 30 i alt. Høg stemning og mykje godt å dele.

Klargjering.. fleire bord må ut.

og snart er alle seta.

og alle helsar det nye året velkommen!smiley

Badevaktene les dikt og det vert sjølvsagt skåla i både kjørbart og ikkje…

Små og store tek del, med ulike interessefelt. Her er Anette med barnebarn.

(Krokodilla ville ikkje vera med på biletet.)smiley

Men folket tok seg god tid og mykje vart det tatla om.

..langsmed ein steinlødde vegg.

Godt det snart e bad igjen!

Me badast!

smileySvein Egil