Så var det påan igjen..

Nytt år og nye laurdagsbad.

Flott å sjå at det var lite fyrverkerirestar igjen i gatene forresten.

Vonar det er fellesoppskytinga som me kan takke for det. Eit flott skue..

Laurdag ja, og det nærmar seg fullmåne.

Det bar tydeleg å sjå på høgvatnet denne dagen

Godalen låg blank og fin og med sjeldant høgt vassyte.

og himmelen var eit skue denne dagen, med snødryss over Sandnes og blå himmel over oss, ei stund..

Det tok ikkje lange stunda før det var badarar i vatnet.

5,5 grader i dag ( 5,3 på 1.nyttårsdag).

13 badar i sjøen. ( Det dukkar alltid opp ein badar eller to..) Tog du an?

Tempen på land var 3,3. Me kunne glatt ha holdt oss uti.

Godt kledde og rede… til ein god drøs.

og oppi nisteboksen havnar det ymist av det gode slaget.. som ein kan nyte til dessert.

Så er det å pakka saman og ta i retning hus og heim.

For mange slutt på ei flott jule- og nyttårshelg.

Utan ord…

Me badast!

smileySvein Egil