Goddagen!

Idag var det klart for eit omtrent fullmånebad.

Fullmåne i går kveld, og eit strålande ver med klar himmel, stjerner og sol i emning..

Turen til Godalen blir forventningsfull.

Koss blir det å bada i dag?

På vegen ned treff me Sten og me ser at det står ein gjeng forventningsfulle badarar og trippar nede ved naustet!

Det er onsdag og klart for bad..

Som dokker ser, så er det ikkje lett å fanga badenymfer med kamera..

Bodil og Kristin tar ein ekstra tur, det gjer så godt etter ein springmarsj på stranda.

Idag var det minus 2 på land og pluss 3,5 i sjøen.

(Blir det kaldare har Bodil og Jorunn lagt opp vedlager for bålfyring på stranda!)

Fjære sjø og måne i vest, med sol på gang i aust!

Kan det bli betre??

No nærmar det seg den tida at me kan få soloppgangen medan me sit rundt kaffibordet.

Ei oppleving av dei gode og varmande.

Til alle: Ha ein fin dag og

så sjåast me på laurdag!

smileySvein Egil