Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Avslutning på badeåret

Lørdagsbad Posted on Wed, May 04, 2011 22:31

30.april og slutt på badeåret!

Ein fantastisk dag å avslutta eit flott badeår og starta opp

eit nytt.

Fysst ved Varden og ei vandring før me samlast i Godalen.

Jonas stillte med utstyr i Godalen, så me kunne lett setta opp høgtrykkspylar, vannledningar og straum. Kostar og river i aksjon og ei rask oppgradering av strand, badetrapp, asfalt og sjøbu.

Me fekk spadd ut all sand og høgtrykkspylt golvet i bua, så no er det svært flott.

Etter badet var det samling med god mat og drikke, samt Astrid på torader og Ole på gitar.

Kjempestemning då me starta opp med ulike kåringar og utmerkelsar.

I år vart det underteikna som vart kåra til årets badar.

Det var svært hyggeleg, men sjølvsagt svært fortent…

Forutan badehetta, vanka det ein kjempefin “badeburka”. Astrid var konstruktør og hadde gjort ein dugande jobb.

Erkebadengel og badevakter hadde sine talar, og badevaktene gjorde stas på styret med eigne

sjutomsspikrar til å spikra opp på planken i bua. Likeeins vanka det krok til årets ungdommelege innslag, der Ina dreg ned snittalderen betrakteleg. Ivrig badar både onsdag og lørdag.

Etter kvart var laget slutt og mange drog til Emmausbukta, der det var stor markering og støtte til arbeidet med å verna området.

Utruleg mange unge barnefamiliar som gjorde sitt til at det vart ein folkefest.

Heim ein tur før samling i Godalen til grilling og bursdagsfeiring.

Susanne fyller år.. Hipp- hipp!!!!

..og hun fikk en rosa krok i gave, og den kom fort opp i bua.

Parksjefen tok også ein tur innom og fekk med seg endringane i bua.

Kvelden fortsatte med grillmat i ulike variantar og me vart kjende med noke estiske ungdomar som koste seg ved nabobordet.

Sjølv om stemninga var god, runda me av i grei tid, då 1.mai var like rundt hjørnet, og oppgavene stod i fleng!

God natt og ha ein fin 1.mai!

🙂 Svein Egil



Post-påske-sommar

Onsdagsbad Posted on Wed, April 27, 2011 15:31

.. og plutselig var onsdagen her..

Med god samling med 8 badarar (inkl. ein russ).

9 grader i sjøen i dag også..og som du ser.. speilblank sjø.

Me fekk også besøk av tre andre badarar som drog vidare. Den eine i våt badebukse, så me var klare i dommen.

Blærekatarr…

På laurdag blir det markering av badeåret, litt rydding/spyling, Emmaus-fest, grilling og bursdagsfeiring.

Med andre ord: Nok ei aktiv helg..

Me sjåast!

🙂 Svein Egil



Påskebad

Lørdagsbad Posted on Wed, April 27, 2011 15:23

Hei, og beklager fraværet fra bloggen, men påsken kom fort og

stormande..

Bilder frå den 16.april kjem her..

Så mange ord trengs ikkje til dette..

9 grader i sjøen og påsken framføre oss..

🙂 Svein Egil



Finversbad

Lørdagsbad Posted on Sat, April 09, 2011 16:51

God dagen godtfolk!

Lørdagbad på gang då me rusla mot miljøstasjonen og fann flokken.

Ja, det er blitt ein vane dette!

Gange langsmed sjøkanten og observasjonar av vår i emning.

Då me nærma oss Godalen kom Elisabeth oss i møte, og idet me svingar inn mot stranda kjen Hilde glidande på sykkelen. God timing.

Idag er med 11 badarar som gjer oss klare.

Det fina veret gjer at me samlar to bord ut på graset, og det er to grupperingar.
Strandbad og trappebad.
Bikkstille og påskestmning denne lørdagen!

Damene har rangen.. de e iallefall alltif fyst uti!

Ferdige med badet. Iallefall det fyssta. Gry og Jorunn måtte ha eit par bad til.. seier
ikkje meir…

Så var det samling rundt bordet og frukost og anna godt! Fantastisk kjekke gjeng å drøsa med. Lene kom også innom bordet og tok ein kopp kaffi. Ho var på tur med hunden.

Andre måtte trekka frisk luft+ for å kompensera.

På veg heim dukka denne vårblomsten opp
Kvitveisen er på plass!

I tida framover er det ltt på gang.

Kommande lørdag legg me opp til ei lita jobbeøkt med naustet og ute.
Fjerna sand og spyla/vaska.

Ellers vil det jo alltids vera sjøbadarar i Godalen i “ROM”-påsken.

Lørdag den 30.april er siste sjøbadedag i badeåret 2010/2011.
Då vert det feiring og markering.
Styret arbeider iherdig med saken.

Kjem tilbake til dette..

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



GRÅVERSBAD

Onsdagsbad Posted on Wed, April 06, 2011 15:34

Litt grått og yr i luftå, men du for eit vårleg drag!

Tydeleg at det går rette veien… mot sommar og yrande badeliv.

Det tikka inn melding på mobilen om at Gry var på veg ned og at Sten var påplass!

Noe som er normalt.

Tåke i sikte og låg vannstand, men humøret på topp.

Idag kom også Astrid og Odd, samt Simon.

Det er sønn i nabolaget som har studert i bl.a. Tromsø og har vært med i badeforening der.

Nå er han oppdagelsesreisende med Argentina og Peru på listå øve “have done” og Nepal og Burma på den videre reisen. Fint då å ta ein tur innom oss i Godalen.

Det sett me pris på.

Idag kunne me melda om 5,3 grader i sjøen ( veldig oppsving sidan sist) og 10 grader på land.

Drøset idag gjekk på sikre landingsbanar i Nepal og anna reisestoff.

No vert det å planlegga for dei kommande utfluktene til badegjengen.

Me var enige om at det var best å reisa før eller etter barn-i-familien-stadiet.

Så derfor– stå på!!

Utsikten mot sør før me rusla på jobb-tur (Ikkje les ned-tur).

Ha ein god dag!

Ses på lørdag!!

🙂 Svein Egil



Fønvind og fina veret

Lørdagsbad Posted on Sat, April 02, 2011 13:38

Guddagen igjen!

Laugardag og vår i lufta. Ja denne morgonen var det eit

vårleg drag i lufta, sjølv om det var ein god blest i frå sør.

Overskya, men med gode solgløtt!

Det var vårleg stemning då badarane samla seg ved Varden for ein fin marsj

til Godalen.

Vel framme møtte me Merethe som kom oss i møte.

6 badarar denne dagen og me kunne melda om 4,3 grader i sjøen og 10 grader i lufta.

Litt sørleg vind som sagt, men me flytta oss fram etter kvart, då sola kikka fram og gav oss eit løft!!

Etter eit godt frukostbord var det tid for litt dugnadsarbeid med naustet.

Me fekk på plass festene til slåene på bod-dørene, og kan tilpassa dei neste gong.

Og her er lenka til Norge Rundt innslaget me snakka om.

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil



Onsdagsbad og nybading

Onsdagsbad Posted on Wed, March 30, 2011 15:15

Hallaisen sjøbadarar!

Flotta veret, men bilrutene var rimfrosne då me kom ut like før 7.

Kaldt om nettene, men igjen… det går rette veien.

Då me kom smygande ner vegen til Godalen denne morgonen kunne me sjå ein skikkelse heilt ute på den ytterste odde. Diskusjon om kim det var, men etter kvart som synet kom på lag med eigaren, kunne me konstatera at Merethe var fysst i køen.

Og kikka me bak oss kom Susanne.. og så kom resten..

I alt 8 badarar denne dagen, og endå ein ny: Odd frå Tasta/Fylkesmannen.

Idag var det blikkstille sjø og ein himmel som lova flott soloppgang.

Før sola var oppe var Erkebadeengelen sjøsatt!

Denne morgonen kunne me konstatera 3,8 i sjøen og 3 på land.

Men då solå steig vart det litt varmare på alle vis.

Fint tid før samling mot arbeidsdag og slike ting…

Høyrde på lokalen at meldinga til helga var lovande…

Me sjåast då!

🙂 Svein Egil!

PS! Informasjon frå Sigrid og Svanhild om ryddeaksjonen som i år kjem uke 17.

🙂 Svein Egil



Storsamling

Lørdagsbad Posted on Sun, March 27, 2011 15:50

Fiina veret og lørdag igjen!

Klare til bad på ein morgon med sol og blikkstille.

Kaldt, men ein kjenner at sola varmar!

Samling ved Varden med fleire på tur i andre retningar denne helga.

Betlehem, London, Kristiansand, Suldal m.m. men ka gjør det?

Det er alltid nokre som badar i Godalen!!

Det blei rektigt folksomt!

Då me runda neset og såg stranda var det mange som var komne direkte!

Nokre for i sjøen i stranda og andre tok badetrappa.

Temperatur idag: 3,9 grader i sjøen og 12,7 i sola! Stor stemning med andre ord og 15 badarar i sjøen! Det var eit kjempegodt oppmøte!

Som sagt: Blikkstille og greine sommarstemninga.

Natur og idrettsservice hadde vore og renska med seg dei haugane me hadde samla

då me rydda i stranda forrige helg.

Det var likevel meir igjen å renske, så me reknar med ei ny ryddehelg i nær framtid.

Då vil me også ordna til dei store dørene slik at dei lett kan stengast og opnast.

Turen heim gjekk innom den flotte kolonihagenparsellen til Merethe og vidare til rivningstomta i Åmøygata.. Her blir det nok flott!

Ha ein flott dag og helg!

🙂 Svein Egil



Onsdag og nybadar

Onsdagsbad Posted on Wed, March 23, 2011 17:51

God dagen igjen!

Nok ein onsdag og morgenbad.

Me var føre ruta (før kl. 0655 ut døra) og med andre ord ute i god tid!

Godalen låg lovande og ubrukt då me kom ned, men med ein fjære sjø som var sjeldan..

Dette er i forbindelse med at månen er svært nær for tida. Då var også varselet at det var venta ekstra kraftig springflo og fjære. Det stemte jo godt!

Her viser det godt!

Sten var på veg til Haugesund og vidare til London på brodertur!

Då var det samling av gjengen: Astrid, Gry, Jorunn og meg.. og ny badar.. Merethe.

Velkommen i gjengen!!

Idag vart det trappa, då det var

lang-grunt i stranda.

3,2 i sjøen og 5,7 på land idag. Det hindra ikkje at enkelte måtte ein tur te uti..

Men dei måtte vassa ein del.

Så ein betre frukost og drøs før dagens dont.

Ha ein god dag!

Me ses på lørdag!

🙂 Svein Egil



Fullmånesamling

Festligheter Posted on Sun, March 20, 2011 11:29

—så var det samling igjen….

Fullmånen idag er sjeldan.

Forskning.no: Ved fullmåne 19. mars 2011 kommer månen nær jorda (i perigeum). Avstanden blir bare 356 577 kilometer som er nær den aller minste avstand som kan forekomme de nærmeste årene.

Til sammenlikning er avstanden 406 582 km når månen er lengst vekk (i apogeum) 13 dager tidligere, den 6. mars.

Dette fører til at tidevannskraften fra månen blir hele 48 prosent større den 19. mars enn den 6. mars.

Prediktert flo og fjære

Den store tidevannskraften vil føre til stor springflo med større forskjell på flo og fjære (høyvann og lavvann) enn vanlig. På norskekysten fra Stavanger og nordover kommer største springflo vanligvis 1-2 døgn etter fullmåne.

Så det så!

Då klokka runda 22.30 tok det til å samlast sjøbadarar i Godalen.

Skya, men også fullmåne!

Månen spegla seg flott i skyer og sjøvatn, så me gjorde oss klare..

Klargjering er viktig!

I vatnet med oss, og fleire heiv seg med. 2,7 grader i sjøen denne kvelden, og 4 på land.

Godt då å bevega på seg..

.. i tigerdansen!

Kjekk samling med kjekke folk!

Då var det berre å samla saman og rusla heim etter fullmånebad i Godalen.

Med selskap av ein sjeldan nær måne.

“Time-out”

God natt!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »