Fiina veret og lørdag igjen!

Klare til bad på ein morgon med sol og blikkstille.

Kaldt, men ein kjenner at sola varmar!

Samling ved Varden med fleire på tur i andre retningar denne helga.

Betlehem, London, Kristiansand, Suldal m.m. men ka gjør det?

Det er alltid nokre som badar i Godalen!!

Det blei rektigt folksomt!

Då me runda neset og såg stranda var det mange som var komne direkte!

Nokre for i sjøen i stranda og andre tok badetrappa.

Temperatur idag: 3,9 grader i sjøen og 12,7 i sola! Stor stemning med andre ord og 15 badarar i sjøen! Det var eit kjempegodt oppmøte!

Som sagt: Blikkstille og greine sommarstemninga.

Natur og idrettsservice hadde vore og renska med seg dei haugane me hadde samla

då me rydda i stranda forrige helg.

Det var likevel meir igjen å renske, så me reknar med ei ny ryddehelg i nær framtid.

Då vil me også ordna til dei store dørene slik at dei lett kan stengast og opnast.

Turen heim gjekk innom den flotte kolonihagenparsellen til Merethe og vidare til rivningstomta i Åmøygata.. Her blir det nok flott!

Ha ein flott dag og helg!

🙂 Svein Egil