30.april og slutt på badeåret!

Ein fantastisk dag å avslutta eit flott badeår og starta opp

eit nytt.

Fysst ved Varden og ei vandring før me samlast i Godalen.

Jonas stillte med utstyr i Godalen, så me kunne lett setta opp høgtrykkspylar, vannledningar og straum. Kostar og river i aksjon og ei rask oppgradering av strand, badetrapp, asfalt og sjøbu.

Me fekk spadd ut all sand og høgtrykkspylt golvet i bua, så no er det svært flott.

Etter badet var det samling med god mat og drikke, samt Astrid på torader og Ole på gitar.

Kjempestemning då me starta opp med ulike kåringar og utmerkelsar.

I år vart det underteikna som vart kåra til årets badar.

Det var svært hyggeleg, men sjølvsagt svært fortent…

Forutan badehetta, vanka det ein kjempefin “badeburka”. Astrid var konstruktør og hadde gjort ein dugande jobb.

Erkebadengel og badevakter hadde sine talar, og badevaktene gjorde stas på styret med eigne

sjutomsspikrar til å spikra opp på planken i bua. Likeeins vanka det krok til årets ungdommelege innslag, der Ina dreg ned snittalderen betrakteleg. Ivrig badar både onsdag og lørdag.

Etter kvart var laget slutt og mange drog til Emmausbukta, der det var stor markering og støtte til arbeidet med å verna området.

Utruleg mange unge barnefamiliar som gjorde sitt til at det vart ein folkefest.

Heim ein tur før samling i Godalen til grilling og bursdagsfeiring.

Susanne fyller år.. Hipp- hipp!!!!

..og hun fikk en rosa krok i gave, og den kom fort opp i bua.

Parksjefen tok også ein tur innom og fekk med seg endringane i bua.

Kvelden fortsatte med grillmat i ulike variantar og me vart kjende med noke estiske ungdomar som koste seg ved nabobordet.

Sjølv om stemninga var god, runda me av i grei tid, då 1.mai var like rundt hjørnet, og oppgavene stod i fleng!

God natt og ha ein fin 1.mai!

🙂 Svein Egil