God dagen igjen!

Nok ein onsdag og morgenbad.

Me var føre ruta (før kl. 0655 ut døra) og med andre ord ute i god tid!

Godalen låg lovande og ubrukt då me kom ned, men med ein fjære sjø som var sjeldan..

Dette er i forbindelse med at månen er svært nær for tida. Då var også varselet at det var venta ekstra kraftig springflo og fjære. Det stemte jo godt!

Her viser det godt!

Sten var på veg til Haugesund og vidare til London på brodertur!

Då var det samling av gjengen: Astrid, Gry, Jorunn og meg.. og ny badar.. Merethe.

Velkommen i gjengen!!

Idag vart det trappa, då det var

lang-grunt i stranda.

3,2 i sjøen og 5,7 på land idag. Det hindra ikkje at enkelte måtte ein tur te uti..

Men dei måtte vassa ein del.

Så ein betre frukost og drøs før dagens dont.

Ha ein god dag!

Me ses på lørdag!

🙂 Svein Egil