God dagen!

Fullmåne dagen før og fiina veret denne laurdagsmorgonen då me
møtte dei første med plastpose i Nymansveien.

Godt oppmøte før turen langsmed sjøen starta.

Astrid hadde med roser til turgjengen som hadde vore med å skoga heime hos henne på Tasta.
Det hadde vore mange som kom med positive tilbakemeldingar til dugnadsgjengen frå Storhaug.
Godt jobba guttar!


Svak sydaustleg vind og eit flott badever, med eit landskap i snøskrud.

Idag kom også fotografen som tok kontakt før jul.
Alf Ove Hansen har lagt opp til å dokumentera Stavanger gjennom eitt år.
Eit bilde skal fortelja om ei hending denne dagen i året, og for 19.februar 2011 kan det vera
gjengen i Godalen sjøbadarforening som dukkar opp, bokstaveleg talt.

Idag var det ein heile bøling som skvatt uti.

Nokre i stranda og andre i trappene ved stupebrettet.

2 grader kunne me melda til Lokalen og 0 på land. 14 badarar i sjøen og god stemning både
i sjø og på land. Det er det kaldaste som er målt denne sesongen.

Foreldra til Ole var også med på dagens bad, men då som gode støttespelarar.

Fin tur vidare etter badet, og rett i sekreteriatet for Brodd sitt damelag, som slo
Havørn 17-16.

Heia Brodd!

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil