Guddagen igjen!

Laugardag og vår i lufta. Ja denne morgonen var det eit

vårleg drag i lufta, sjølv om det var ein god blest i frå sør.

Overskya, men med gode solgløtt!

Det var vårleg stemning då badarane samla seg ved Varden for ein fin marsj

til Godalen.

Vel framme møtte me Merethe som kom oss i møte.

6 badarar denne dagen og me kunne melda om 4,3 grader i sjøen og 10 grader i lufta.

Litt sørleg vind som sagt, men me flytta oss fram etter kvart, då sola kikka fram og gav oss eit løft!!

Etter eit godt frukostbord var det tid for litt dugnadsarbeid med naustet.

Me fekk på plass festene til slåene på bod-dørene, og kan tilpassa dei neste gong.

Og her er lenka til Norge Rundt innslaget me snakka om.

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil