God dagen godtfolk!

Lørdagbad på gang då me rusla mot miljøstasjonen og fann flokken.

Ja, det er blitt ein vane dette!

Gange langsmed sjøkanten og observasjonar av vår i emning.

Då me nærma oss Godalen kom Elisabeth oss i møte, og idet me svingar inn mot stranda kjen Hilde glidande på sykkelen. God timing.

Idag er med 11 badarar som gjer oss klare.

Det fina veret gjer at me samlar to bord ut på graset, og det er to grupperingar.
Strandbad og trappebad.
Bikkstille og påskestmning denne lørdagen!

Damene har rangen.. de e iallefall alltif fyst uti!

Ferdige med badet. Iallefall det fyssta. Gry og Jorunn måtte ha eit par bad til.. seier
ikkje meir…

Så var det samling rundt bordet og frukost og anna godt! Fantastisk kjekke gjeng å drøsa med. Lene kom også innom bordet og tok ein kopp kaffi. Ho var på tur med hunden.

Andre måtte trekka frisk luft+ for å kompensera.

På veg heim dukka denne vårblomsten opp
Kvitveisen er på plass!

I tida framover er det ltt på gang.

Kommande lørdag legg me opp til ei lita jobbeøkt med naustet og ute.
Fjerna sand og spyla/vaska.

Ellers vil det jo alltids vera sjøbadarar i Godalen i “ROM”-påsken.

Lørdag den 30.april er siste sjøbadedag i badeåret 2010/2011.
Då vert det feiring og markering.
Styret arbeider iherdig med saken.

Kjem tilbake til dette..

Ha ei flott helg!

🙂 Svein Egil