Vinterferie og vår i lufta!

Innimellom snøbygene.

Familien har vore i Røldal denne vinterferien.
Masse snø og varierande ver, men godt skiføre og flotte dagar samla sett.

Då er det ver til å laga badeenglar i snøen!

RA var i stranda og laga flott oppslag i avisa mandag.
Her er lenka: RA

Onsdag fekk me denne meldinga frå Gry:

Vinterferie, morgenlyst, fuglekvitter, en enslig bader og mange ender i sjøen.
2,8 i sjøen ogomtrent det samme på land. Ha en god dag! Gry!

( Mange ender i sjøen kan jo tolkast på meir enn ein måte, men me går utifrå at det ikkje
var badarar…)

Denne laurdagen var det samling med Varden: 7 tok runden og i pølsesvingen var det så glatt at Torhild og Else akte ned på baken. (To ender i bakken)

Helge Dagfinn kom litt etter, men hadde også fått problemer ned bakken.

Med andre ord glatt føre, men blikkstille og sol!

Vårstemning.

Elisabeth var på plass då me kom til Godalen og me kom fort i sjøen.

3,3 grader i vannet og 8,4 på land. Sola varma, og det var god kaffi og låg- og høgkalori bakverk servert rundt bordet.

Tydeleg at sola varma, for i sørhellingane vart det fort snølaust..
Eksempel på fersk høgkalorivare..direkte frå Romsøes i Bekkefaret!

Me tok ein kikk på interiøret og er eninge om ein liten dugnadsrunde den 19.mars etter
badet.

Lørdag den 19. er det fullmåne, og me legg opp til eit fullmånebad kl. 2230 denne kvelden.
Fullmånen denne kvelden er sjeldan vare, då månen er svært nær jorda. Bli med!

Vegen vidare var med glatte partier.

Ein liten stopp i vika mellom Godalen og Ramsvik. Bildet syner potensialet om ein rydder litt skog. Ein flott solplass.

Ha ei fortsatt flott helg!

Ses på onsdag?

🙂 Svein Egil