Hallaisen sjøbadarar!

Flotta veret, men bilrutene var rimfrosne då me kom ut like før 7.

Kaldt om nettene, men igjen… det går rette veien.

Då me kom smygande ner vegen til Godalen denne morgonen kunne me sjå ein skikkelse heilt ute på den ytterste odde. Diskusjon om kim det var, men etter kvart som synet kom på lag med eigaren, kunne me konstatera at Merethe var fysst i køen.

Og kikka me bak oss kom Susanne.. og så kom resten..

I alt 8 badarar denne dagen, og endå ein ny: Odd frå Tasta/Fylkesmannen.

Idag var det blikkstille sjø og ein himmel som lova flott soloppgang.

Før sola var oppe var Erkebadeengelen sjøsatt!

Denne morgonen kunne me konstatera 3,8 i sjøen og 3 på land.

Men då solå steig vart det litt varmare på alle vis.

Fint tid før samling mot arbeidsdag og slike ting…

Høyrde på lokalen at meldinga til helga var lovande…

Me sjåast då!

🙂 Svein Egil!

PS! Informasjon frå Sigrid og Svanhild om ryddeaksjonen som i år kjem uke 17.

🙂 Svein Egil