Hei sjøbadarar!

Årets ekskursjon gjekk til Jelsa i Ryfylke.

13 badehungrige stillte i kø på Fiskepiren lørdag 5.februar og
var klare for tur inn fjorden.

Mottakskomiteen, Jorunn og Svein Egil, var for så vidt klare til mottaket, men såg ikkje båten som kom (min feil), så det var litt spreiing i gjengen då me dukka opp.

Men med alle på plass, både i Klungtveit-huset og på Klunghaug, var vegen kort ned til Noresjøen og bad.

Øystein Haga var tilstede for Suldalsposten og tok billeder.

Eit forfriskande bad ( 2,3 i sjøen og 1,9 på land) i delvis sludd, som etter kvart endra seg til opphaldsver.

Heim til Klunghaug og italiensk kyllingssuppe.

Det smakte fortreffeleg, med godt brød (takk Carolyn) og romslige gryter.

Etter kvart som magane vart metta, gjorde me oss klare til ei lita Jelsavandring.
Avtale med Øystein om omvisning i Jelsakyrkja.

Jelsakyrkja er ei gammal kyrkje, med særmerkt stil og historie.
Spennande å høyra historiar frå den tida då prestane hadde stor makt og makta vart brukt. Marcus prest hadde satt sine spor og sette det i fleire av oss med.

Etter omvisninga gjekk me gjennom gamle Jelsa sentrum (Bjergsted og skulemuseet) og opp til verkstaden til Øystein.

Her vart det omvisning og demonstrasjonar, og ikkje minst spel på occarin (eit gamalt leirblåseinstrument frå Sør-Amerika). Spennande.

Så heim til Klunghaug og Klunghaugsteinen med offergroper. Derifrå vidare opp Steingjerde (gammalt område der ein feira 17.mai) og ned til Utgrunn (landingsplass med omkledningshus for dei som kom roande og skulle til kyrkje). Vegen heim i blå-timen.

Raskt igang med førebuingar til kveldstapas og fest.
Kjempegodt fellesbord med ulike rettar og god drikke.

Helge Dagfinn stemde gitaren og hadde førebudd seg godt med mange tekstkopier. Stemningsfulle tonar frå Sørlandet satte gjengen i godt humør.

Etter ei rolig natt var det klart for nytt bad kl. 10. søndag morgon

Ikkej fullt så kaldt idag, 2,8 grader i sjøen.

Heim til ein betre frukost, med bacon og speilegg og masse godt tilbehør, slik det sømer seg ein sjøbadar. Alle bidrog til rydding og oppvask og me var klare for ein tur til skulen og nybyggarfeltet.

Så var det avreise og heimtur som stod i rest.

Takk til alle for ein kjempefin tur til perlå i Ryfylke- Jelsa..

I ettertid har Carolyn sjekka litt på biblioteket og melder:

Hei Svein Egil og Jorunn,

Takk for en fantastisk og opplevelsesrik helg på Jelsa! Minne for livet!!

Her er det Øystein Haga har skrevet:

Ocarin : spillebok / [Øystein] Haga. – Jelsa : Øystein Haga , [2009] – 7 s. : ill.

Jelsakyrkja og soga om Marcus og Sofie / tekst og teikning: Øystein Haga ; foto: Håkon Lislebø. – [Jelsa] : [Øystein Haga] , 2006 – 63 s. : ill.

Songar frå Jelsa [musikktrykk] / Øystein Haga og Ruth Anne Moen (red) ; utgjeve av Jelsa skule i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland. – [Jelsa] : Jelsa skule i samarbeid med Folkemusikkarivet for Rogaland , 1992 – 48 s. : ill.

Web/Youtube:

Øystein på Youtube

Øystein på nett

Og dette er boka han snakket om:
Or soga um Jelsa-prestarne . – Stvg. : Stavanger aftenblad , 1925 – 255 s.

Legge link på bloggen?

Carolyn

Som sagt så gjort!

Gry sendte innslaget som Haga hadde sendt til Suldalsposten.

Førstesidestoff!

Ellers har eg lagt alle bildene frå turen ut på lenka som er øverst til høgre
“Billedgalleri”.

🙂 Svein Egil