Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Sol fra oven?

Lørdagsbad Posted on Mon, January 23, 2012 15:02

Hei igjen!

Sjølv om ein er på reise, så kjem det rapportar frå badarane.

Gry melder onsdag:

“Badet var vindunderlig. Fremdeles 6 grader i vannet, litt sol og noen dråper fra oven

og vindstille. :-)”

Sten melder lørdag:

16 badere, 1 badevakt, 7 grader og solskinn mellom haggelbygene!”

Seinare kjem det rapport med bilder frå Sten:

“Hei
Her har du noen bilder fra badina på lørdag.
Me var heldige med været. Regna litt da me gjekk turen, men var sol og oppholdsvær under badet.

Ein gjeng (mesteparten av gutta) satsa på stupebrettet – og det var herlig. Men resten av gjengen sprang uti fra stranda.

Kaffien smakte som alltid godt etterpå, og mye godt å spise. Fra kaker til dadler.

Og på turen tilbake til heimen – begynte det å regne igjen. Heldig den dangen også!!

Sten”

Som bilda syner; alt ser ut til å vera upåklageleg!smiley

Me to i heimen var på tur til Brussel og hadde ei flott helg der:

Østers gav eit preg av sjøbad…

Me talast til onsdagsbad!

smiley Svein Egil



Lørdag og onsdagsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 18, 2012 08:36

Gudd mårning!

Sitter på Gardermoen og venter på at forelesning skal starte, så derfor..

Mottok tekst og bilde fra Sten og Gry idag!

Lun stemning i ly av Fjæslykta ( sendt fra mobil).

6 badere og 6 grader i sjøen. Kald vind…

Her på Gardermoen er det 6 kuldegrader og tåka. Eg ville ha bytta på sekundet.

Lørdag hadde eg Jelsatur,

men ka høyrer eg:

19 badere i sjøen og 2 badevakter.

Fleire nye sjøbadarar og spm vanleg god stemning!

Ein kan seia ka ein vil, det er noe spesielt med desse sjøbadarane.
(Dei har eit kaldt drag over seg)… som varmar heilt vidunderleg!

Ha ein fortsatt fin dag!

smiley Svein Egil

PS. Send meg gjerne bilder fra mobil eller kamera, og husk at du kan kommentera i bloggen! DS.



11.januarsbadet

Onsdagsbad Posted on Wed, January 11, 2012 17:59

Goddagen!

Rykte om regn og vind hadde ikkje slått ner i Godalen idag!

Blikkstille og stjerner i sikte då me såg ut i verdsrommet denne onsdags morgonen.

Ja, ja, still skarpt. Litt problem å halda ixus’en mot eit tre for å få litt ro.
Holdt på å gå på baken då eg trødde ut på graset. Det er tydeleg at jordsmonnet er metta med fuktighet.


Sten i førbadspositur i ein litt uvanleg situasjon. Me ventar på at damene skal bli ferdige med påkledning. Det er vel fysste gang det skjer.

Vel uti kunne me konstatera at vatnet nå held 6 grader og at stjernene kikka fram, medan fullmånen (mandag) berre kikka fram frå litt skylag.

7 badarar og ein badevakt til stades. Det er bra for ein onsdag!


Lykta tent og samling ute rundt bordet. Som alltid god stemning og myje lått og løje.
Tema idag var bl. anna rydding, samlemani, ryddesalg på Finn.no og anna smågodt..

” Ka sei an???

Lunt og godt, sjølv om ein sit ute, men det er viktig med godt med kler og rett plagg på håve..

Ha så ein forrektige fine dag og så treffest me kanskje lørdag?

Sjølv om me ikkje kan rekna med solsnusuppe denne gongen..

🙂 Svein Egil



Solsnusuppebad på Tasta

Ekskursjoner Posted on Sat, January 07, 2012 16:03

Fiine dagen!

Godt oppmøte på Varden miljøstasjon idag,
då me skulle avgarde til Astrid på Tasta.

Var ein tur nedi naustet for å få med meg badesko og badeshorts.
Der traff eg Jarle frå Bømlo som også vil ha nokre å bada med.
Han fekk tilgang til naustet og kjem neste laurdag.

Ittekvart kunne me samlast hos Astrid for ein liten spasertur til Vardeneset og så eit bad.

18 humørfulle sjøbadarar traska i veg.

6 grader i sjøen gjorde oss berre godt.
Astrid har gjort ein flott jobb med å mura opp den flotte leveggen ved stranda, så det var greitt å skifta til badetøy. ( Det var ikkje nødvendig Astrid, men takk allikevel…) smiley

Heldige med veret, med sol og opphaldsver heile turen.
Regnbyga kom då me sat inne og koste oss med det som me nå kallar “solsnusuppe a’ la Astrid”.

Den er berre kjempegod!!

Den både varmar, oppmuntrar og pirrar smaksløkane. Alle vert klare til ein dupp!!

Likeeins vert Bodil inspirert til dikt og sang, med Siv som forsangar.

Takk til Astrid for ei flott samling.

Då ses me til onsdag!?

🙂 Svein Egil!



Så var det onsdag igjen..

Onsdagsbad Posted on Thu, January 05, 2012 07:52

Hallaisen!

Alle snakker om det forferdeliga veret??!

Her i Godalen blir det vått, uansett.

Men du så fint allikavel.

Her kan du sjå at døra er åpen og porten vid!

Og når badet er gjort og kleda på er det tid til å diskutera det som ein sitt inne med der og då.

Du må berre vera tilstades, så skal du få høyra…

Men alle slepp ikkje heilt inn. Om dei vil det aldri så mykje..

Jo, berre litt..

Ha ein flott dag!

Nemde eg at det var 7 grader i sjøen denne morgonen også.

Det har vore same tempen lenge no.

Kankje den snart gjer ein dupp??

🙂 Svein Egil



Nyttårsfilm

Heilårsbad Posted on Mon, January 02, 2012 19:30

Snurr film.

Fotograf Aksel (Mariannes sønn).



Nyttårsbadet 2012

Festligheter Posted on Sun, January 01, 2012 17:24

Godt Nytt År!!

Med det flotta fyrverkeriet frå Varden i minnet, var det godt å spasera ned veien til Godalen,
med eit flott solskinn i horisonten.

Dette hadde eg ikkje venta.

Då eg kom ned var det nesten folketomt,men eg visste at fleire var ute på tur..

og det stemde godt.

Før startskuddet gjekk for nyttårsbad var me 38 stk inkl. nokre badevakter.

Som bildene viser var stemningen god. Didi kom sist, men hu kom godt!


7 grader i sjøen og 8 på land trangt i naustet.

Borda tok me ut og det vart eit flott langbord, med god nyttårsmat og drikke dertil.

Torhild leste opp det årlege nyttårsdiktet, med eit nytt kapittel for 2012. Fosse skal ha takk for god inspirasjon.
Bodil hadde også eit flott innslag, fritt etter ” There is juløl inn the tynn…” Teksten kjem, og vert utgitt i Godalens samlede verker.

Innslaga kom vidare, med Badevakt Bente og “Sprudledamer” av Gunnar Roaldkvam.
Astrid hadde med pepperkakebadedamer og pepperkakebademenner. Alle behørig pynta i ekslusive badekostymer i glasur.

Dans rundt bålet for dei som trengde varme.

Sjølv om regnet kom og det vart nokre saftige byger, iblanda hagl, så er fasiten klar:

Ei god innleiing til det nye året!

Godt bad!

smiley Svein Egil



Årets siste bad!

Lørdagsbad Posted on Sat, December 31, 2011 17:47

Goddagen godtfolk!

Nå lakker og lir det på året 2011.

Dagen begynnte aldeles strålande, sjølv om sola ikkje viste seg.

Idag var det 11 badarar og 3 badevakter på plass.
Vatnet var 7 grader og på land 2,5 grader.

God underhaldning og bevertning frå den gamle danske. Frå tømmerlageret.

” Oh, it’s hard to be a nissemann” blei satt opp i all hast, til jubel…

Takk for gode bad i året som svinn, og så treffest me i morgen..

Kl. 12 ved Varden eller kl. 12.30 i Godalen.

Svein Egil smiley



Ryddetid

Ekskursjoner Posted on Fri, December 30, 2011 08:13

God morgen!

Kvelden i går ble delvis nytta til rydding på stranda ogi naustet.

Natur- og idrettservice hadde også vore på plassen og henta inn ein heil del, men no ser det ganske så bra ut…. enn så lenge!

Opphaldsver hjalp godt i begynnelsen, og med lys frå bilen gjekk det greitt å rydda unna.

Etter at jobben var gjort kunne me ta ein pause rundt bordet med kaffi og anne godt.

Ei lita mus kom også innom og sjekka forholda..

Då snakkast me til vanleg tid laurdag, og:

Til 1.nyttårsdag melder styret:

Frammøte ved Miljøstasjonen på Varden kl. 1200 eller direkte i Godalen kl. 1230

Då er det bad og fest!

Styret oppfordrer alle til å komma med kulturelle innslag.

smileyHa ein flott dag!

🙂 Svein Egil



Siste onsdagsbad i 2011

Onsdagsbad Posted on Wed, December 28, 2011 15:00

Ja, så var det gjort!

Mørkt og mye vind, men berre nokre regndråpar i lufta.

Relativt mildt då eg nærma meg Godalen saman med Sten.

7 grader i lufta!

Stranda var full av tang, tare og diverse rekande gods.

Snakka om å ta ein liten ryddedugnad torsdag ettermiddag, så er det litt ryddigt te nyttårsaften.

Men om me to kom åleine fram, så varte det ikkje lenge før det banka i døra, og brått var me 5 badarar i sjøen

Idag var tempen 7 grader i sjøen, som på land.

Låg vannstand og godt med bølger.

Drøsen idag gjekk rundt julepapir og gjenbruk, arbeid og ulike brettspel.

God stemning rundt bordet. Lykter og lys tende og kaffien klar.

Ha ein fin dag.

Så ses me på lørdag som vanleg, samt 1.nyttårsdag.

Programmet kjem nok frå styret, men det blir rundt kl. 1200 reknar eg med…

🙂 Svein Egil smileysmiley



« PreviousNext »