Jess!! Desemberbadet er på gang!

Definitivt slutt på haust og me går for fullt inn i vintersesongen.

Sjølv om det vart mye blæst i løpet av natt, så var det relativt roleg då me starta ut døra.

På miljøstasjonen var det som vanleg folk å sjå med plaspose i handa..

Godt kledde var det berre å ta i gang med turen.

Godt å sjå det me runda neset med Strømvik bad at det var endå fleire ved naustet i Godalen.

Litt poster-reklame frå naustdøra.
Badegjengen godt igang, med fleire nya ansikt.
Det er slikt me likar!!

Litt bølger i sjøen, men flott badestemning med 13 badarar i sjøen.
Temp. i dag var 9 grader i sjøen og 7 på land.

og det gjeld som alltid å få tørka seg med ein gong. Her litt vindtørk i tillegg..

Idag kunne me akkurat slå opp naustdøra mot sjøen og sitta tørt og lunt med utsikt mot badevatnet. Dette har me drøymt om og no ein realitet.
Som vanleg vert bordet dekka med frukost og kaffikrus, samt divers anna smågodt.

Vatnet stod like utanfor døra, så det gjaldt å halda seg på plass.

Treng ikkje kommentar til dette..

og sola var også innom.

Kjekt at fleire “nye” badarar kjem. Det viser seg at sjøbademiljøet er aktivt på fleire strender
(det visste me jo). Men kjekt at me kan samlast! Jo fleire jo bedre…

Styret hadde eit kort møte og annonserte at det vart satt ekskursjon til Hundvåg den 11.februar. Avgang frå Varden miljøstasjon kl. 10.00, Spasertur til Hundvåg, bad og middag på Galeien. Sett av datoen!!

Bord og stolar vert rydda bort og naustdøra låst. Badet er over og me tek turen vidare i helga..

Godalen ligg bak oss, med flo og gode minner.

Me er snart tilbake..

Ha ei flott helg!

Takk for badet!

🙂 Svein Egil

og husk! Kanskje fullmånebad den 10.desember??smiley