Jo, du leste rett..

Denne morgonen var Stavanger Aftenblad på plass då me kom ruslande ned stien mot Godalen.

Stien var glatt og våt, men opphaldsver og sprekk i skydekket lova godt!

Berre to badarar stod i døra då ho opna, men me var fort 8 morgenbadarar på trammen.

Journalist Marie Rein Bore og fotograf Jonas Haarr Friestad var med på ferden, og fekk med seg det meste. Med spørsmål om både det eine og andre. Ei god oppleving ein onsdags morgon.

Følg med i Aftenbladet, så får me sjå.. Me fekk i alle fall lagt inn mange gode grunnar til å stå tidleg opp ein onsdag eller lørdag morgon.

Omkledninga gjekk fort unna, og me kunne gå i sjøen.

8,5 grader vart målt i dag, og det vart etter kvart stjerneklart, med mørke skyer i horisonten

Me kunne i alle fall samla oss rundt hjørna og nyta frokosten.

Stormlykta vart tent og gav og litt varme te valne fingrar.

Så var det klart for ferden vidare, mot jobb og dagens dont.

Ha ein fin dag og kanskje me sjåast till lørdag.

Husk fullmåne neste lørdag den 10.

🙂 Svein Egil