God dagen i blåsten!!

Vermeldinga varsla springflo og blest fra vest, nordvest.

Ein av dei dagane som er sjeldne i Godalen.

Ja, fantastisk å kunna gå rett i sjøen frå naustdøra.
Vatnet steig ganske fort, så det var ikkje greit å sitja innandørs.
Me trakk ut, men regnet gjorde det naudsynt å runda hjørna.

Heile gjengen tok badet utanfor døra, og det holdt 9 gradre denne laurdagen.

Nokre tok turen ut til stupebrettet, men det gjekk jamt med vassflata,
så det var berre å spasera uti. Likeins var badetrappa under vatn, og
då meiner eg heilt under. Handtaka låg under overflaten.
Litt absurd å gå i land under vatn…smiley

Så kunne me ta plass og feira Sten sin dag!

Susanne hadde med kake til kaffien, så det vart ein kjempefin markering, med bursdagssong og det heile.

I det heile ei flott oppleving på ein spesiell dag!smiley

Jorunn helsar frå Madeira, og melder om lavada-vandring og solrike dagar på terassen.

Ha ei fin helg!

🙂 Svein Egil