Guddagen sjøbadarar!

Jaggu var det glatt føre denne lørdagen!

Kjende det under føtene med det same eg gjekk ut døra.
Jorunn slengde på seg broddane sine og det var lurt.

På Varden var det heller lite folk då me kom fram, men det auka jevnt på.

Turen idag vart lagt litt om og gjekk over Varden og ned til Godalen.

Flott utsikt inn mot Ryfylket..

Så kom me skliande ned til Godalen.

Godalsnissen skua utover neset mot..

ein skarv som lufta vengene.

Så var det tid for bad, og nok ein gong.. to nye badarar på plass.

Gjengen spratt i sjøen..

Vatnet var friskt i dag og.. 7 grader og 3 på land. Altså berre å halda seg i sjøen..

og det var det fleire som gjorde..

Nokre har betre isolasjon enn andre, men treng likevel noko varmt om øyrene..

Astrid og Tonje gjer seg klar til julakortbilde. Rødnissen og grønnblånissen syner vinterbademoten for sesongen 2011-2012.

God Jul!

13 badarar samla rundt utebenkene. Romari frå Frankrike og Anne nye badarar idag! Velkommen i gjengen.

Så kom regnet og me trakk inn til dekt bord.

Diskusjonen gjekk heftig rundt ulike tema, medan julekaker og anna godsaker gjekk på
evig rundgang.

Manglar berre ein peis her..

Fantastisk å kunne trekke innandørs når regnbygene kjen, men samstundes kunne åpne døra og sjå korleis vanndråpane lagar om sjøflata til eit flossteppe.
Juletreet gjer sitt!

Då er det solsnubad på onsdag morgen!!

Og i jula er det alltid sjøbadarar på plass. Dette er eit sjølbadande nettverk. Alltid nokon i sjøen…

Ha ei fin helg!

🙂 Svein Egil