Goddagen!

Rykte om regn og vind hadde ikkje slått ner i Godalen idag!

Blikkstille og stjerner i sikte då me såg ut i verdsrommet denne onsdags morgonen.

Ja, ja, still skarpt. Litt problem å halda ixus’en mot eit tre for å få litt ro.
Holdt på å gå på baken då eg trødde ut på graset. Det er tydeleg at jordsmonnet er metta med fuktighet.


Sten i førbadspositur i ein litt uvanleg situasjon. Me ventar på at damene skal bli ferdige med påkledning. Det er vel fysste gang det skjer.

Vel uti kunne me konstatera at vatnet nå held 6 grader og at stjernene kikka fram, medan fullmånen (mandag) berre kikka fram frå litt skylag.

7 badarar og ein badevakt til stades. Det er bra for ein onsdag!


Lykta tent og samling ute rundt bordet. Som alltid god stemning og myje lått og løje.
Tema idag var bl. anna rydding, samlemani, ryddesalg på Finn.no og anna smågodt..

” Ka sei an???

Lunt og godt, sjølv om ein sit ute, men det er viktig med godt med kler og rett plagg på håve..

Ha så ein forrektige fine dag og så treffest me kanskje lørdag?

Sjølv om me ikkje kan rekna med solsnusuppe denne gongen..

🙂 Svein Egil