Fiine dagen!

Godt oppmøte på Varden miljøstasjon idag,
då me skulle avgarde til Astrid på Tasta.

Var ein tur nedi naustet for å få med meg badesko og badeshorts.
Der traff eg Jarle frå Bømlo som også vil ha nokre å bada med.
Han fekk tilgang til naustet og kjem neste laurdag.

Ittekvart kunne me samlast hos Astrid for ein liten spasertur til Vardeneset og så eit bad.

18 humørfulle sjøbadarar traska i veg.

6 grader i sjøen gjorde oss berre godt.
Astrid har gjort ein flott jobb med å mura opp den flotte leveggen ved stranda, så det var greitt å skifta til badetøy. ( Det var ikkje nødvendig Astrid, men takk allikevel…) smiley

Heldige med veret, med sol og opphaldsver heile turen.
Regnbyga kom då me sat inne og koste oss med det som me nå kallar “solsnusuppe a’ la Astrid”.

Den er berre kjempegod!!

Den både varmar, oppmuntrar og pirrar smaksløkane. Alle vert klare til ein dupp!!

Likeeins vert Bodil inspirert til dikt og sang, med Siv som forsangar.

Takk til Astrid for ei flott samling.

Då ses me til onsdag!?

🙂 Svein Egil!