Ja, så var det gjort!

Mørkt og mye vind, men berre nokre regndråpar i lufta.

Relativt mildt då eg nærma meg Godalen saman med Sten.

7 grader i lufta!

Stranda var full av tang, tare og diverse rekande gods.

Snakka om å ta ein liten ryddedugnad torsdag ettermiddag, så er det litt ryddigt te nyttårsaften.

Men om me to kom åleine fram, så varte det ikkje lenge før det banka i døra, og brått var me 5 badarar i sjøen

Idag var tempen 7 grader i sjøen, som på land.

Låg vannstand og godt med bølger.

Drøsen idag gjekk rundt julepapir og gjenbruk, arbeid og ulike brettspel.

God stemning rundt bordet. Lykter og lys tende og kaffien klar.

Ha ein fin dag.

Så ses me på lørdag som vanleg, samt 1.nyttårsdag.

Programmet kjem nok frå styret, men det blir rundt kl. 1200 reknar eg med…

🙂 Svein Egil smileysmiley