Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Vinterferiebad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 26, 2014 21:45

Jess!

Vinterferie og snø i fjellet for dei som likar det.
Og vind i toknene for oss igjenverande.

“The badpeople” fer verda rundt, iallefall Europa..

Mange badande på tur med andre ord, men nokre held seg i
“Kringla heimsins”.

Denne morgonen vart spesiell, då været klårna og det vart tydeleg at det går mot
soloppgang til onsdagsbadarane.

Idag stod sola opp kl. 07:43

Ikkje verst..

med slikt lys før klokka 7 ein onsdag morgon.

5 vel budde badarar hadde stevnemøte ved naustet denne morgonen.

Ikkje lenge etter var dei i sjøen og kunne kjenne at 4,5 grader absolutt gjer
at du vaknar og kjenner du er til.

I aust kunne ein sjå ein månesigd som balanserte ei stjerne på skuldera.

ja,ja, ikkje lett å sjå her. Der skulle du ha vøri Kal..

Lykta gjer oss framleis stemning, med påfyll av stemningar og bilder frå
husmannsplassar i austerled.
Eit tema i dag vart frostfrie kranar innomhus…

Nok om det!

Gled dokker til snarleg soloppgangsbad!

Tida nærmar seg!

Ha ein flott vinterferie!

Me badast!

smileySvein Egil



Vinterferiebad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 26, 2014 21:45

Jess!

Vinterferie og snø i fjellet for dei som likar det.
Og vind i toknene for oss igjenverande.

“The badpeople” fer verda rundt, iallefall Europa..

Mange badande på tur med andre ord, men nokre held seg i
“Kringla heimsins”.

Denne morgonen vart spesiell, då været klårna og det vart tydeleg at det går mot
soloppgang til onsdagsbadarane.

Idag stod sola opp kl. 07:43

Ikkje verst..

med slikt lys før klokka 7 ein onsdag morgon.

5 vel budde badarar hadde stevnemøte ved naustet denne morgonen.

Ikkje lenge etter var dei i sjøen og kunne kjenne at 4,5 grader absolutt gjer
at du vaknar og kjenner du er til.

I aust kunne ein sjå ein månesigd som balanserte ei stjerne på skuldera.

ja,ja, ikkje lett å sjå her. Der skulle du ha vøri Kal..

Lykta gjer oss framleis stemning, med påfyll av stemningar og bilder frå
husmannsplassar i austerled.
Eit tema i dag vart frostfrie kranar innomhus…

Nok om det!

Gled dokker til snarleg soloppgangsbad!

Tida nærmar seg!

Ha ein flott vinterferie!

Me badast!

smileySvein Egil



Badetteroppskriften

Onsdagsbad Posted on Wed, February 19, 2014 15:28

Nuvel..

Kanskje ikkje heilt etter oppskrifta!

Idag vart det bad i lett duskregn og fjære sjø.

6 morgenbadarar flaut lett og var ingen fare for skipsfarten.
Ingen tømmerstokkar å sjå i Godalen!

4,5 grader i sjøen, og det er det lågaste som er målt denne vinteren.

Snøen har lagt seg på Lifjell og sludd i lufta..

Marianne hadde framvisning av ny badeburka, med badehelsing.

Gratla med den.
Samlinga blir stadig større.

Ute rundt stormlykta vart tema i dag retta mot oppskrifter.

Kjapp gjengivelse… RETTELSE FØLGER..

1. Spinatreder (Svein Egil)
Spinaten helles i panne, oljes lett og synker fort sammen.
Strø på litt sukker for karamellisering
Lag reder (noen huller i spinatsengen).
Kakk eggene oppi redene og sett i ovnen.
Stek bacon som legges på topp før servering.

2. Spinatkylling (Jorunn)
På en seng av spinat legges diverse grønnsaker, stekte kyllingbiter, en boks gresk geitost helles over (bruk oljen også)
I ovnen..

3. Frukostblanding (Kristin)
Kjør nøtteblanding alt tørt i blender.
Ha i banan, litt eplesaft, aprikos m.m.
Stekes i ovn til det er tørt. Legg til rosiner etterpå

4. Brød i flytande form (Astrid)
http://www.matpaabordet.no/2011/04/no-knead-tomatbrod/

5. Brød bakt i kasserolle (Gry)
http://www.superkokken.no/langsomt-br%C3%B8d-med-lite-gjaer-no-knead-bread/2357


Dagen gryr fort og me er klare for nye økter!

Me badast!

smiley Svein Egil



Bursdagsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 12, 2014 16:27

Hurra for deg som fyller ditt år…

Marianne!

Hipp, hipp, Hurraaaah!!

Flott å vera i Godalen denne forblåste morgonen.

Med 11 medsammensvorne bar det fort til havs.

6,4 grader var ikkje ille, men kalde vind frå sedvanleg hold..
Ost-sudost!

Badejinter.. det vil me ha!

Då er det herleg å finna bordplata dekka med kvite duk, blomar og dekkety!

Ja, ikkje papp, men steinty!!

Her er komiteen igong. Dag trylla fram det eine etter det andre..
Stormlykta gav det rette stemningslyset..
Og morgonen grydde!

Til kakebord og bursdagssong!
Gulrotkake! Jo… det smakte!

Med god kaffe tel og den gode praten!

Det var ein flott start på dagen!

Takk til alle og spesielt Dag som hadde trylleformelen i dag ( Tog du ‘an?)

Me badast!

Og treffest kanskje før den tid?

smileySvein Egil!



Himmelbad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 05, 2014 15:46

Morn!

Onsdag og på tide med…

I dag var det stjernehimmel då me vandra nedover vegen mot stranda.

Mørkt, ja, men klår himmelvelving.

Jo, berre sjå etter.. det er ei lysning i aust!
og me gjer oss klar.

Berre 5 badarar i dag.
Lenge sidan det var så få gitt..
Me har vore rundt 8 på jevnå.
Vel, det må vera den klåre stjernehimmelen som gjer det.

Nei, me veit kvifor.

God betring til dei som treng det.

Idag kunne det vore bad i 6 graders vatn.

og samling rundt stormlykta ittepå.

Ingen tvil, her er det stemning.
Nokre som jogga raskt forbi var tydelege på at dette så kjekt ut, idet dei hasta vidare.
Dei om det.

Me fann glede i å sitja og sakte merka at dagen grydde. Merka at det dukka opp felles referansar bakover i tid og at samtalen gir grunn til utvida horisontar og felles glede.

og dagen var igong.

For oss alle.
Berre sjå.

Ha ein fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Smult bad

Onsdagsbad Posted on Thu, January 30, 2014 15:39

Javel..

Rapport frå onsdagsbadet
på årets 29.dag, uke 5, 336 dager igjen
til neste 1.nyttårsbad.

Framleis mørkt som natta, men med eit lite skimt av land på andre sida av Gandsfjorden.

Denne dagen var det til avveksling heller vindstille, litt uvanleg for oss forblåste sjeler.

Me såg litt forvirra på kvarandre der me samla oss, og meinte alle at noko var endra, og det var ikkje feil.

8 badarar vart fort blaute og det våta vart målt.
5,9 grader denne morgonen.

Teoriane rundt variasjon i målingane varierte, men konklusjonen vart at vind i overflata vekar klart inn på temperaturen.

Og så samling rundt stormlykta.

Dag hadde fyllt år søndag, så herved.. GRATLA!

Det er verkeleg mørkt på denne årstida. Det merkast..

Og sjølv om diskusjonen rundt bordet sit laust, så tar alt ei ende, også
onsdagsbadet!

Me badast i februar!

smileySvein Egil



Påanigjenbad

Onsdagsbad Posted on Thu, January 23, 2014 20:15

Javel….
du ska bada?!

Jo, sjølvsagt!

Det e’ jo onsdag og klokkå nærmar seg 7..

Temperaturen vippar rundt 0 grader i lufta, ei luft som har vore i stødig bevegelse
dei siste vekene, då helst frå søraust.

Me blir vane med det også, men me kunne godt tenkt oss ei endring.

The badpeople are on their way to bading.

Fast bestemte skritt, med stødig retning naustet.

Idag er det 7 badarar samla og vatnet vert målt til 5,8 grader.

Det er vinter i lufta og i sjøen.

Og når badet er unnagjort er rutinene som alltid.
Stormlykt og ut på benken.

Godt å sitja litt tett og kjenna at varmen kjem gradvis igjen.
Blodet har fått brusa og me er rusa på badeendorfiner..

Herrrrrligt!

Sten rapporterer frå helga i Tromsø, med filmfestival og 11 filmar i hovudet.
Me har litt å gleda oss til på filmfronten..

og, det gjeld å halda på varmen.. og ein “Bente-hjelm” er det beste du kan få!!
Varme tankar til Bente som held oss heite i toppen!

og lyset kjem gradvis i aust!

Ein ny dag gryr og me ruslar attende til kvardagslege sysler.
Som f.eks. jobb!

Ha ei god veke!

Me badast!

smileySvein Egil



Fullmånebad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 15, 2014 15:24

..nesten.

Fullmåne på mandag og litt på ne i dag, og forsåvidt..
ute av syne.

Sjølv om me endte opp med stjerneklar himmel og blånande synsrand mot aust.

Jorunn hevda det var den mørkaste onsdagen på lenge, men ikkje heilt enighet om det.

Klart det er mørkt kl.0700, men det “lysnar” relativt fort.
Stormlykta først!
Deretter opning i skylaget og stjernehimmel..
Søraustlege vind merka me, men ikkje verre enn at me holdt oss ute på benkeradene.
Godt samla rundt kaffi og frukost. Luene trekt godt ner og smilande fjes rundt lykta.

Anne Synnøve hadde vore på skiskyttarverdscup i Tyskland og kunne anbefala det.
Stor stemning, nesten som ein lørdag i Godalen… Ruhpolding og verdenscup.


Men i dag, 5,1 grader i sjøen (nytt termometer sikra oss god måling) og fleire med 2 bad.


..men godt å komma innafor og få skifta til turt tøy.

Før med satte oss ut..

og kunne nyta morgenstemningen for fullt.

Levva livet!

Rai-rai!

Nå er det Tastabad kommande lørdag, så då vert det kanskje få/ingen i Godalen.
Me gleder oss til vår faste ekskursjon med påfølgande Astrid-besøk.

Me badast!

smileySvein Egil



5/2-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 08, 2014 16:48

Ja, du såg rett!

Me e’ nå inne i ei tid der møje dreie seg om telling.

Av så mangt.

Skritt.
Kalorier.
Tid.
Lengdemeter.
Breddemeter.
Høgdemeter.
og nå sist: Fastedagar.

Me har nå bestemt oss for at for oss i Godalen badeforening
er den sunnaste tellinga badefrekvensen..

ja, nettopp: 5/2

Av 7 dagar badar me 2. 5 dagar er badefrie (stort sett).

Det gir rett forbrenning av godlynte kaloriar og kolesterallane passar seg inn.

Humørsvingingane avtar og det vert flest av dei humørfyllte toppturane.

Her ved 2 av dei:

Gjer døri open og porten vid.

Vid nok til at ein velvaksen lekam kan pressa seg igjønå ikledd badeburka.

Og tenn eit lys:


Kjenn varmen frå lyset og fyll opp kaffikoppen.

Del gjerne med ein som ikkje vann å få kaffien klar på vegen ut av senga, kjenn at det gjer godt å roa seg rundt bordet, gjerne utandørs, og sit gjerne litt tett så det ikkje vert for stort varmetap.

Har du fram til då halde augene att og opnar dei.. ikkje ver forundra om du då har vakna opp i Godalen, badet er unnagjort i 6,8 grader og det sit 7 andre og flirer rundt bordet.

Ha ein god Dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Bålpannebad

Onsdagsbad Posted on Wed, December 18, 2013 18:07

Juhuuu!

Nesten fullmånebad, sjølv om månen vart vel full i går.
Tydeleg bakrus då han huka seg ned bakom buskane..


Sten fekk fanga månen før han forsvann.

Men då var me undervegs..


Eit lite blaff framføre bua..


Dag hadde vore tidleg ute med bålpanna og fyrt opp.


Då er det godt å samlast rundt elden og sjå inn i evigheita!!.. og forbi .. (som det er sagt
i ein kjent teiknefilm..)


og etter badet var det leskelegt og godt å få smyga litt varme oppetter…

7 grader i sjøen i dag og heile 14 sjøbadarar. Fantastisk!!

Så kunne nokre samla seg rundt bålet, og andre..


kunne varma seg på stormlampa. Kjekt at Ina, Ellen og Aksel var på plass og sikra vårt ungdommelege alibi.

Og tenk.. på laurdag vert det solsnubad!

Det går snart mot lysare tider!

Hald ut.. og ta eit bad!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »