Morn igjen!
Det stundar mot jul og me olstrar
rundt for å klargjere til denne rolege
tida, der me skal senka skuldrene og henta oss inn etter ein travel haust, eller..
Då er det godt å setja kurs mot Godalen og trygge ramer.
Like mørkt, ja endå mørkare enn då det for kort stund sida låg snø.
og sjå, det kjem folk til naustars.
Heile 6 sjøbadarar flokka seg rundt døropninga og ville inn.
For deretter å vilja uti.
7,2 grader denne morgonen og stranda var merka av både springflo og kraftige regnbyger.
Mykje sand var vaska ut.
Då er det greit å setja seg rundt bordet med stormlykta som varmande midtpunkt og la drøset gå.
Idag var også Ina på plass etter å ha vore i Etiopia denne hausten. Lite sjøbad der nede, så det var godt å kome seg uti og få eit kjølande bad. Kjekt å sjå Ina att.
Gunnar har noke ølvottar igjen, så det gjeld å skunde seg.
..men det gjer ikje denne gjengen. God tid til frukost ogkaffi før kvardagen kjem ruslande.
og husk: Laurdag er det julabord i badegjengen. Til vanleg tid. Ta med litt til bordet så skal du sjå det vert eit dugande dekking.
Me badast!
Svein Egil (som dreg til Kingston i dag!)