Ja, du såg rett!

Me e’ nå inne i ei tid der møje dreie seg om telling.

Av så mangt.

Skritt.
Kalorier.
Tid.
Lengdemeter.
Breddemeter.
Høgdemeter.
og nå sist: Fastedagar.

Me har nå bestemt oss for at for oss i Godalen badeforening
er den sunnaste tellinga badefrekvensen..

ja, nettopp: 5/2

Av 7 dagar badar me 2. 5 dagar er badefrie (stort sett).

Det gir rett forbrenning av godlynte kaloriar og kolesterallane passar seg inn.

Humørsvingingane avtar og det vert flest av dei humørfyllte toppturane.

Her ved 2 av dei:

Gjer døri open og porten vid.

Vid nok til at ein velvaksen lekam kan pressa seg igjønå ikledd badeburka.

Og tenn eit lys:


Kjenn varmen frå lyset og fyll opp kaffikoppen.

Del gjerne med ein som ikkje vann å få kaffien klar på vegen ut av senga, kjenn at det gjer godt å roa seg rundt bordet, gjerne utandørs, og sit gjerne litt tett så det ikkje vert for stort varmetap.

Har du fram til då halde augene att og opnar dei.. ikkje ver forundra om du då har vakna opp i Godalen, badet er unnagjort i 6,8 grader og det sit 7 andre og flirer rundt bordet.

Ha ein god Dag!

Me badast!

smileySvein Egil