Juhuuu!

Nesten fullmånebad, sjølv om månen vart vel full i går.
Tydeleg bakrus då han huka seg ned bakom buskane..


Sten fekk fanga månen før han forsvann.

Men då var me undervegs..


Eit lite blaff framføre bua..


Dag hadde vore tidleg ute med bålpanna og fyrt opp.


Då er det godt å samlast rundt elden og sjå inn i evigheita!!.. og forbi .. (som det er sagt
i ein kjent teiknefilm..)


og etter badet var det leskelegt og godt å få smyga litt varme oppetter…

7 grader i sjøen i dag og heile 14 sjøbadarar. Fantastisk!!

Så kunne nokre samla seg rundt bålet, og andre..


kunne varma seg på stormlampa. Kjekt at Ina, Ellen og Aksel var på plass og sikra vårt ungdommelege alibi.

Og tenk.. på laurdag vert det solsnubad!

Det går snart mot lysare tider!

Hald ut.. og ta eit bad!

Me badast!

smileySvein Egil