Morn!

Onsdag og på tide med…

I dag var det stjernehimmel då me vandra nedover vegen mot stranda.

Mørkt, ja, men klår himmelvelving.

Jo, berre sjå etter.. det er ei lysning i aust!
og me gjer oss klar.

Berre 5 badarar i dag.
Lenge sidan det var så få gitt..
Me har vore rundt 8 på jevnå.
Vel, det må vera den klåre stjernehimmelen som gjer det.

Nei, me veit kvifor.

God betring til dei som treng det.

Idag kunne det vore bad i 6 graders vatn.

og samling rundt stormlykta ittepå.

Ingen tvil, her er det stemning.
Nokre som jogga raskt forbi var tydelege på at dette så kjekt ut, idet dei hasta vidare.
Dei om det.

Me fann glede i å sitja og sakte merka at dagen grydde. Merka at det dukka opp felles referansar bakover i tid og at samtalen gir grunn til utvida horisontar og felles glede.

og dagen var igong.

For oss alle.
Berre sjå.

Ha ein fin dag!

Me badast!

smileySvein Egil