Javel….
du ska bada?!

Jo, sjølvsagt!

Det e’ jo onsdag og klokkå nærmar seg 7..

Temperaturen vippar rundt 0 grader i lufta, ei luft som har vore i stødig bevegelse
dei siste vekene, då helst frå søraust.

Me blir vane med det også, men me kunne godt tenkt oss ei endring.

The badpeople are on their way to bading.

Fast bestemte skritt, med stødig retning naustet.

Idag er det 7 badarar samla og vatnet vert målt til 5,8 grader.

Det er vinter i lufta og i sjøen.

Og når badet er unnagjort er rutinene som alltid.
Stormlykt og ut på benken.

Godt å sitja litt tett og kjenna at varmen kjem gradvis igjen.
Blodet har fått brusa og me er rusa på badeendorfiner..

Herrrrrligt!

Sten rapporterer frå helga i Tromsø, med filmfestival og 11 filmar i hovudet.
Me har litt å gleda oss til på filmfronten..

og, det gjeld å halda på varmen.. og ein “Bente-hjelm” er det beste du kan få!!
Varme tankar til Bente som held oss heite i toppen!

og lyset kjem gradvis i aust!

Ein ny dag gryr og me ruslar attende til kvardagslege sysler.
Som f.eks. jobb!

Ha ei god veke!

Me badast!

smileySvein Egil