Hei godtfolk!

Det går opp og ner her i badelivet, og i dag gjekk det opp.

10 grader i lufta og..

ennå mørkt når me føler oss fram nedover mot badeplassen..

Når me ser over bukta er det litt tåkedis som duser det heile ner.

Sjøen ligg blank og klår..

Og raskt er 6 sjøbadarar uti.

Sjølvsagt er damesida fysst uti.
Mannfolka slepp “tattelet” på seg og kjem diltande etter.

Herrlegt!

8,7 grader i dag, så det har absolutt stege.

Stormlykta er tent og gjer oss håp om både lys og varme.

No er det berre 4 veker til sola snur!!!

Mykje vert diskutert og endevendt og ein ting:

Laurdag den 14. vert det julebord.

Alle som kjem tek med seg noko til bordet. Som minner om jul og mat..
Drikke som passar den enkelte.

Ellers gjekk diskusjonen høgt om navn og begrepet forening.

Me er jo ikkje nokon forening med medlemskap, kontigent og anna som kan binda oss.
Forslaga vandra over bordet. Kvifor ikkje Godalen sjøbølgebevegelse eller noko liknande..

Dette vert nok tema i kommande årsmøte og styremøter..

Nok om sllkt!

Ha ein forrykande fin dag og gratla til Sten fyllte år i går!

Me badast!

smiley Svein Egil